Nytt
Sitwell konkurs
Møbelprodusenten i Stordal har meldt oppbod.
10.06.2024
Sitwell har drive med underskot i 12 av dei siste 25 åra, og hadde ein million kroner i underskot i 2022.
Selskapet hadde 24 millionar kroner i driftsinntekt i 2016. Etterpå har tendense vore fallande og selskapet hadde 12,2 millionar kroner i driftsinntekter i 2022, som er sist tilgjengleg rekneskap.
No har tingretten opna konkurs etter at selskapet melde oppbod, skriv Sunnmørsposten.
Ifølgje selskapet er gjelda på 3,8 millionar kroner og verdiane er rundt 0,4 millionar.
Selskapet hadde ni tilsette.
Publisert: 10.06.2024 18:43
Sist oppdatert: 11.06.2024 08:36