Pengar
AVGIFTSHOPP: Frå nyttår aukar skattar og avgifter meir enn sidan 2001. Det får Frp til å reagere. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK Frå nyttår aukar skattar og avgifter meir enn sidan 2001. Det får Frp til å reagere. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Nytt

Reagerer på kraftig avgiftsauke

Frå nyttår aukar skattar og avgifter meir enn på 20 år. Det får Frp til å reagere kraftig.

28.12.2021

Ifølgje budsjettavtalen mellom regjeringspartia og SV vil skattar og avgifter auke med rundt 8,7 milliardar kroner i 2022.

Stortingsrepresentant Sivert Bjørnstad, som er næringspolitisk talsperson i Frp, har i eit skriftleg spørsmål til finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) spurt om når det sist var ein så kraftig auke.

Svaret frå Vedum er at ein må tilbake til 2001 for å finne ein like stor auke. Då foreslo Stoltenberg I-regjeringa skatte- og avgiftsaukar på om lag 12 milliardar kroner (tilsvarande rundt 18 milliardar i 2022, justert etter konsumprisindeksen).

Det kjem til å gi bakrus for mange enkeltpersonar og bedrifter
Sivert Bjørnstad

Vedum understrekar i svaret sitt at åtte av ti får lågare eller uendra skatt samanlikna med ei vidareføring av dagens skattereglar.

– Dagens regjering gjekk til val på omtrent same skatte- og avgiftsnivå som før valet. Medan folk flest gler seg over at nyttårsrakettane går til vêrs, sender finansminister Vedum skattenivået til nye høgder. Det kjem til å gi bakrus for mange enkeltpersonar og bedrifter, seier Bjørnstad.

Stortingsrepresentant Roy Steffensen – som sit i finanskomiteen for Frp – reagerer òg kraftig.

– Det skjer samtidig som renta aukar, straumprisane går amok og pandemien herjar. Vi fryktar 2022 skal bli eit tungt år for både næringsliv og vanlege folk, og derfor foreslo Frp ytterlegare skatte- og avgiftslette for 2022, seier han.

Publisert: 28.12.2021 10:54

Sist oppdatert: 28.12.2021 11:00

Mer om