- Han sa opp, seier styreleiar Eldar Eilertsen.
Mjelde vil førebels ikkje kommentere kva han skal drive med etter at Brunstad-karrieren er over. Mjelde har vore sjef sidan 2014.
Avgangen er heilt fersk, og fabrikksjef Ronny Bjøringsøy er konstituert i stillinga som dagleg leiar inntil vidare.
Selskapet kjem til å søkje etter ny toppsjef etter årsskiftet. Eilertsen seier styret kjem til å legge vekt på erfaring innan bransjen når ny sjef skal finnast. Bjøringsøy har vore fabrikksjef både hos Formfin og hos Brunstad.
- Han vil vere blant kandidatane, seier Eilertsen om Bjøringsøy søkjer på jobben.
- Resultata har vore bra, men ikkje akkurat i år. Eg fryktar raude tal (underskot, red. merk), seier Eilertsen.
Grunnen er norske møbelkjøparar, spesielt i oljefylka på Vestlandet, har vore meir forsiktige med pengane enn Brunstad-styret såg for seg då budsjettet vart laga. Kombinert med at selskapet har investert tungt i å bygge opp eksporten. Konsekvensen av inntektssvikt og investeringsauke blir truleg minus.
I etterpåklokskapens lys meiner Eilertsen at Brunstad gjorde ein feil og trykte for hard på gassen i eksportsatsinga.
- Sånn som vi har hatt sett marknaden utvikla seg, så var det kanskje det, seier han.
Mjelde vil førebels ikkje kommentere kva han skal drive med etter at Brunstad-karrieren er over. Mjelde har vore sjef sidan 2014.
Avgangen er heilt fersk, og fabrikksjef Ronny Bjøringsøy er konstituert i stillinga som dagleg leiar inntil vidare.
Udramatisk
Avgangen er udramatisk seier Eilertsen.Selskapet kjem til å søkje etter ny toppsjef etter årsskiftet. Eilertsen seier styret kjem til å legge vekt på erfaring innan bransjen når ny sjef skal finnast. Bjøringsøy har vore fabrikksjef både hos Formfin og hos Brunstad.
- Han vil vere blant kandidatane, seier Eilertsen om Bjøringsøy søkjer på jobben.
For hard på gassen
Etter framgang og brukbare resultat dei siste åra ligg 2016 an til å bli eit tungt år.- Resultata har vore bra, men ikkje akkurat i år. Eg fryktar raude tal (underskot, red. merk), seier Eilertsen.
Grunnen er norske møbelkjøparar, spesielt i oljefylka på Vestlandet, har vore meir forsiktige med pengane enn Brunstad-styret såg for seg då budsjettet vart laga. Kombinert med at selskapet har investert tungt i å bygge opp eksporten. Konsekvensen av inntektssvikt og investeringsauke blir truleg minus.
I etterpåklokskapens lys meiner Eilertsen at Brunstad gjorde ein feil og trykte for hard på gassen i eksportsatsinga.
- Sånn som vi har hatt sett marknaden utvikla seg, så var det kanskje det, seier han.
Publisert: 25.11.2016 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:04






