Varda Care emisjon i boks
SKIL LAG: Geir Østrem (t.h.) og Helland Møbler-sjef Joakim Helland utvikla ideen som blei til Varda Care. No blir ny Østrem leiar i ShipMed. Biletet er frå ein videointervju med NETT NO.
Nytt

Sjefsskifte i Varda Care

Terje Tollaas blir ny leiar i helseteknologiselskapet Varda Care etter Geir Østrem, som går til ShipMed.

08.10.2021

I fjor vart Varda Care skilt ut frå Helland Møbler og etablert som eige selskap, for å utvikle helseteknologisatsinga si. 4,9 millionar kroner vart henta inn frå andre investorar og selskapet satsar på kommersiell lansering i første kvartal 2022, seier styreleiar Geir Balsnes.

I dag vart det kjent at Geir Østrem, som har vore med frå ideutklekking og -utvikling sidan 2016, sluttar i selskapet. Han har takka ja til å leie ShipMed, eit selskap som leverer helsetenester til maritim bransje. ShipMed er ein del av Medi3-konsernet. Østrem byrjar der 1. novbember.

Ny sjef på plass
Salsleiar Terje Tollaas er konstituert som ny leiar for Varda Care. Balsnes seier styret ønskjer Tollaas i fast stillling som leiar for selskapet, men at han i første omgang blir konstituert for å få teste korleis han trives med den nye rolla.

Varda Care har per i dag fire tilsette og arbeidet i selskapet skal halde fram som før uavhengig av sjefskiftet, ifølgje Balsnes.

I tillegg til kommersiell lansering legg selskapet også opp til ein ny kapitalinnhenting neste år. Balsnes vil førebels ikkje kommentere kor stor kapitalutvidinga blir.

Sensorar i stol og seng
Dagleg leiar Joakim Helland i Helland Møbler og dåverande marknadssjef Geir Østrem starta alt i 2016 å drodle på ideen om å kombinere møblar og teknologi.

Målgruppa for velferdsteknologien er private og institusjonar. Sensorane kan måle alt frå hjerte-og pusterytme, til fukt og aktivitet - og kunne varsle pårørande og/eller helsevesenet om det er behov for hjelp og gi data om helseutvikling.
Sjølve sensoren i seng eller sittepute skal ikkje merkast og den vesle boksen som videresender data kan skjulast under møbelet.

Planen er at Helland Møbler skal bruke teknologien i sine stolar, samstundes som Varda Care også skal levere den til andre.

Publisert: 08.10.2021 16:06

Sist oppdatert: 08.10.2021 17:11