Varda Care-emisjon i boks
Geir Østrem og Joakim Helland har lukkast med jakta på medinvestorar til velferdsteknologiselskap.
Varda Care er spunne ut av velferdsteknologisatsinga til Helland Møbler, som byggjer møblar som også kan varsle om helsetilstanden til brukarane og om brukarane treng hjelp frå pleiarar eller pårørande.
I sommar varsla dei at velferdsteknologisatsinga skal drivast i eit eige selskap, Varda Care, med Helland Møbler-eigar Helland Eiendom som medeigar. Målet var å hente inn 8-10 millionar kroner frå investorar som ville vere med på satsinga.
Les også: Helland hentar pengar til nytt selskap
No er kapitalinnhentinga i boks, ifølgje Varda Care sin Linkedin-profil: "Punktumet på året ble en fulltegnet emisjon hvor vi sikrer lansering og langsiktig drift av selskapet.", skriv selskapet.
Kapitalinnhentinga vart gjort gjennom selskapet Dealflow, og emisjonen var på 4,9 millionar kroner, ifølgje nettsida til Dealflow.
Fire års ideutvikling
Dagleg leiar Joakim Helland i Helland Møbler og dåverande marknadssjef Geir Østrem starta alt i 2016 å drodle på ideen om å kombinere møblar og teknologi.
Etterkvart dukka temaet opp oftare og oftare.
I fjor sa dei at dei vurderte å hente inn investorar utanfrå, og 2. januar i år blei satsinga skilt ut i eit eige selskap, Varda Care, med Helland Møbler-eigar Helland Eiendom som eineeigar inntil kapitalutvidinga kom på plass. Helland Eiendom er største eigar også etter kapitalutvidinga.
Østrem er dagleg leiar i nysatsinga, som både Helland og Østrem meiner kan bli langt større enn Helland Møbler.
Stolen varslar
Målgruppa for velferdsteknologien er private og institusjonar. Sensorane kan måle alt frå hjerte-og pusterytme, til fukt og aktivitet - og kunne varsle pårørande og/eller helsevesenet om det er behov for hjelp og gi data om helseutvikling.
Sjølve sensoren i seng eller sittepute skal ikkje merkast og den vesle boksen som videresender data kan skjulast under møbelet. Bruksområdet for teknologien er berre i startfasen, meiner Østrem.
- Det er mange applikasjonar for dette og vi er berre i starten på ei lang lang reise, sa han til NETT NO i sommar.
Publisert: 30.12.2020 14:01
Sist oppdatert: 30.06.2022 23:59