Eva vinje aurdal vebjørn krogsæter bystyresalen foto ålesund kommune 11
FELLES SELSKAP: Ordførar Eva Vinje Aurdal og Ålesund er samde med seks andre kommunar om ein intensjonsavtale med ei oppsummering av dei viktigaste vilkåra partane er einige om, og dannar grunnlag for forhandlingar. Foto: Ålesund kommune
Nytt

Sju kommunar vil starte avfallsselskap

Ei samanslåing skal ikkje føre til dyrare tenester, heiter det i intensjonsavtalen.

Marius Rosbach
19.05.2021

Sju kommunar er i samtaler om å etablere eit felles miljøselskap, som skal vere «ein førande aktør og rollemodell i avfalls- og gjenvinningsbransjen», heiter det i ei pressemelding frå Ålesund kommune onsdag.

I tillegg til Ålesund, er Vestnes, Fjord, Sula, Giske, Sykkylven og Stranda med i samarbeidet.

– Samla sett sit regionen på stor kompetanse og ressursar innanfor avfalls- og gjenvinningsområdet. Ei samling av desse ressursane i eitt selskap kan sikre at regionen utnyttar dei store mogelegheitene som ligg i avfall som ressurs, uttalar ordførar Eva Vinje Aurdal i Ålesund i meldinga.

Skal ikkje bli dyrare for innbyggjarane
Dei sju kommunane er så langt samde om ein intensjonsavtale som stadfestar ønske og vilje til å samla det interkommunale selskapet Årim (Ålesundregionen Interkommunale Miljøselskap) og Bingsa Gjenvinning i Ålesund.

Det blir påpeika at innbyggjarane ikkje skal få auka gebyrsatsane som følgje av samanslåinga.

Organiseringa skal sikre at alle kommunane får dekka sine behov for avfalls- og gjenvinningsområdet ved å etablere ein konsernmodell der kommunane kan ta ulikt eigarskap i konsernet, med bakgrunn i lokale behov og ambisjonar.

Vil vere i drift frå årsskiftet
I avtalen går det fram at målet er eit nytt selskap skal vere operativt frå årsskiftet.

– Selskapet skal opplevast som nytt og felles, og nytt namn for det samla selskapet kan vurderast, heiter det i avtalen.

Det blir vidare lagt opp til ein låg « inngangsbillett» for samarbeidskommunane, for å hindre at økonomiske rammer blir eit hinder for deltaking.

Kostnadane ved etableringa skal haldast nede ved å vurdere å nytte etablerte selskapsstrukturar

Publisert: 19.05.2021 12:17

Sist oppdatert: 19.05.2021 12:25

Mer om