Kare Heggebo styreleiar Norges Fiskarlag foto Ogne
OPTIMIST: Styreleiar Kåre Heggebø i Norges Fiskarlag ventar at årsmøtet i Fiskebåt følgje rådet frå styret og blir verande i Norges Fiskarlag inntil vidare. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Sjå årsmøtet i Fiskebåt her

Følg debatten om ei eventuell utmelding av Norges Fiskarlag frå klokka 10:00

11.02.2025

Om lag 400 delegatar, medlemar, politikarar og bedrifter knytt til fiskeribransjen fylte konferansesalen til Hotel Bristol i Oslo då bransjeorganisasjonen Fiskebåt starta årsmøtet sitt i går, tysdag 11. februar.

I dag skal årsmøtet diskutere om Fiskebåt skal melde seg ut av Norges Fiskarlag, der Fiskebåt er ein av tre medlemsorganisasjoner. Dei to andre er Nord Fiskarlag og Sør-Norges Fiskarlag.

Sjå direktesending frå debatten her

Sjå sending frå første dag av landsmøte her(ekstern lenke)

Fram til starten av februar i år låg det an til at Fiskebåt skulle vedta utmelding på landsmøtet sitt. Etter at Nord Fiskarlag kalla inn til ekstraordinært årsmøte og kom Fiskebåt i møte, rår styret i Fiskebåt til at spørsmålet om utmelding blir utsett til landsmøtet i Norges Fiskarlag i haust.

Fiskebåt organiserer eigarane av den havgåande fiskeflåten og krev mellom anna at dei og dei to andre underorganisasjonane, Nord Fiskarlag og Sør-Norges Fiskarlag, skal vere likt representert i Norges Fiskarlag sine styrande organ. I dag har Nord Fiskarlag fleire representantar ein dei to andre og kan dermed blokkere vedtak som krev to tredjedels fleirtal. 

Fiskebåt krev og at Norges Fiskarlag skal ha eit vedtak om at fordelinga av fiskekvotar mellom ulike fartøy og fartøygrupper ikkje skal endrast, utan eit kvalifisert fleirtal.

Publisert: 11.02.2025 08:51

Sist oppdatert: 12.02.2025 10:42

Mer om