NPK-NTB-Andreas Løf: Noreg eksporterte sjømat for 9,6 milliardar kroner i august. Det er den høgaste eksportverdien i august nokonsinne.
Det er òg 32 prosent meir enn august i fjor, noko som er tidenes høgaste vekst målt mot tilsvarande månad i fjor.
Les pressemelding frå Norges Sjømatråd her
– Ei gradvis gjenopning av verdssamfunnet har openbert hatt ein positiv effekt, seier administrerande direktør Renate Larsen i Noregs sjømatråd.
Det er laks, makrell, klippfisk og kongekrabbe som bidrog aller mest til auken.
Fornøgd fiskeriminister
Hittil i år er det eksportert sjømat for 72,9 milliardar kroner, sju prosent meir enn i same periode i fjor. Det er òg 5,44 milliardar kroner meir enn i same periode i rekordåret 2019.
Fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen er stornøgd med utviklinga.
– Sjømat frå Noreg er etterspurd. Sjømatnæringa har stått på gjennom ei utfordrande tid, og no er det godt å sjå at etterspurnaden aukar i takt med at verda opnar opp igjen, seier han.
Lakserekord
Månaden vart tidenes beste august for lakseeksporten. I alt vart det eksportert 113.900 tonn laks til ein verdi av 7 milliardar kroner i august. Det er 33 prosent meir enn same månad i fjor. Eksporten til Polen hadde den største veksten.
Det var òg ein god månad for aure og fersk torsk, der verdien av eksporten auka med høvesvis 25 og 10 prosent samanlikna med august i fjor.
Sverige og Tyskland var blant eksportmarknadene som er i størst vekst for fersk torsk. Eksporten av klippfisk voks òg, med 64 prosent samanlikna med august i fjor. Her er det Brasil som har auka mest det siste året.
For frosen torsk var eksporten omtrent på same nivå som august i fjor. På den andre sida fall verdien av saltfisk- og tørrfisk-eksporten med høvesvis 15 og 4 prosent samanlikna med fjoråret.
Publisert: 03.09.2021 08:03
Sist oppdatert: 03.09.2021 08:03