Skal bli dobbelt så stor
Innan 2030 skal Salmon Evolution-anlegg produsere meir enn dobbelt så mykje laks som gigantanlegget under bygging.
Fullt utbygd skal anlegget som er under bygging ved Bud i Romsdal produsere 31.500 tonn laks i året.
Går alt etter planen vil Salmon Evolution produsere ytterlegare 20.000 tonn årleg i Noreg, i tillegg til 20.000 tonn ved anlegget selskapet er medeigar i i Sør-Korea.
Tilsaman utgjer det omlag 70.000 tonn årleg.
Det fortel selskapet i kvartalsrapporten for fjerde kvartal 2020, som er lagt fram i dag.
(Alle produksjonstal i denne artikkelen referer til slaktevekt, dvs etter at fisken er slakta og gjort opp)
Etablert i Korea
I førre veke fortalde Salmon Evolution at selskapet har inngått ein avtale med det Sør-Koreanske selskapet Dongwon Industries om å etablerer eit felles selskap for å bygge eit landbasert oppdrettsanlegg i Sør-Korea.
Fullt utbygd skal anlegget i Sør-Korea kunne produsere 20.000 tonn oppdrettslaks i året. Målet er å kunne starte produksjonen der i 2024.
I tillegg ser Salmon Evolution også for seg ytterlegare vekst i Noreg, ut over det som kan produserast når dei tre planlagde byggetrinna i Romsdal er fullført.
Tidlegare Salmon Evolution-sjef Odd Tore Finnøy sa i eit foredrag i Shippingklubben i Ålesund i 2020 at selskapet kan bygget enda meir u Romsdal og minst doble produksjonen frå 31 tusen tonn. Dessutan er det fleire stadar langs kysten som egna seg for landbaserte oppdrettsanlegg, i følgje Finnøy.
Les også
Gigantplanar
Til saman er det presentert planar på verdsbasis om å bygge landbaserte oppdrettsanlegg som vil ha ein produksjonskapasitet på omlag to millionar tonn i året, ifølgje analyseselskapet Kontali Analyse.
Til samanlikning vart det i fjor produsert omlag 2,4 millionar tonn oppdrettslaks i verda, 1,3 millionar av dei i norske oppdrettsanlegg i sjøen.
Salmon Evolution ASA | |
Tal i mill. kroner | 2020 |
Driftsinntekter | 0,7 |
Driftsresultat | -17,7 |
Resultat før skatt | -16,8 |
Publisert: 02.03.2021 13:28
Sist oppdatert: 02.07.2021 09:52