Skal bygge pilotbru for Statens vegvesen
Nytt

Skal bygge pilotbru for Statens vegvesen

Gjennombrott for Ulsteinvik-selskapet Prodtex. Skal bygge Norges første lasersveiste stålbru.

Marius Rosbach
04.02.2020
Prodtex har sikra seg avtalen basert på tidlegare utredningsarbeid på oppdrag for vegvesenet med fjordkryssingar av E39. Oppdraget er definert som eit forskings- og utviklingsprosjekt.
Brua er 65 meter lang og vil bli den første av sitt slag i Norge, ifølge ei pressemelding selskapet sendte ut tysdag.
– Dette er ein svært viktig kontrakt for oss og vi er svært stolte over at Statens vegvesen viser oss den tilliten. Dette understrekar vår rolle i arbeidet med å utvikle metodikk for moderne framtidsretta produksjon, seier Tore Roppen som no er gått inn i rolla som dagleg leiar i Prodtex Industri.

Robot- og lasersveis

Metoden er mellom anna basert på robotar til montering og sveising. I tillegg gjer ein sveisearbeid med hjelp av moderne laserteknologi. Planen er å starte produksjon på Fiskåholmen i Vanylven.

Les også:



Selskapet har sjølv designa konstruksjonen, og vil undervegs nytte arbeidet til å verifisere prosessane og metodikken dei har utvikla.
Bruken av ein digital tvilling av brua er også sentralt i arbeidet. Alle produksjonsdata vil bli henta ut i sanntid og lagra i tvillingen. Statens vegvesen sine folk vil også kunne følgje framdrifta av produksjonen direkte frå sine kontor.

Kan spare milliardar

Prodtex har tidlegare over Bjørnafjorden i Hordaland. Då fann dei ut at det kunne vere milliardar å spare.
Å bygge bruer i stål med dagens metodar inneber tidkrevjande manuelt arbeid. Teknologien ein no har jobba med, er ei vidareføring av lasersveisteknologien som har vore nytta til å bygge cruiseskip i skipsindustrien. Den nyttar også langt mindre energi enn tradisjonell sveising.

Håpar på store ringverknader

Roppen håpar prosjektet vil få store ringverknader, både når det gjeld miljøpåverknad og moderne produksjon.
– Industrien har gjennom dei siste 15-20 åra gjort seg avhengige av produksjon basert på lågast mogleg timekost frå lågkostland. Moderne design og produksjonsteknologi endrar konkurranseforholda. Ved å utnytte dette i lokal produksjon vil ein oppnå lågare kostnader og ein betydeleg meir sikker verdikjede. I tillegg er dette svært gunstig for miljøet, seier Roppen i metoden.

Les også:



Publisert: 04.02.2020 22:33

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:52