Stad molo kart innfelt kenneth brandal 11
MOLO: Her på Leikanger, Stad, vil Stad Molo byggje ein av norges lengste moloar med masse frå Stad skipstunnel. No har Statsforvaltaren i Vestland sagt ja til at prosjektet kan gjennomførast. Skisse/foto: Stad Molo
Nytt

Langt steg nærare kjempemolo på Leikanger

Vil byggje 1,4 kilometer med ny hamn og molo.

23.05.2022

– Dette er ein gledens dag.

Det seier dagleg leiar Kenneth Brandal i Stad Molo etter at det i dag vart klart at Statsforvaltaren i Vestland stadfestar at han trekker si motsegn til planane om Stad Molo, eit stort nytt nærings- og hamneområde i Leikanger på Stadlandet.

- No set vi full fart i prosessen med detaljregulering av Stad Molo, for å vere klare til å ta imot tunnelmasser frå Stad skipstunnel.

- Dette er eit prosjekt som vil skape ei ny tid for Stadlandet, med ringverknader for heile Vestlandet, seier Brandal i ei pressemelding.

Planen vart vedtatt av kommunestyret i Stad i februar 2022, med påfølgjande mekling mellom Stad kommune og Fylkesmannen for å avklare gjenståande varsel om motsegner. Denne meklinga har no ført fram.

- Ein av norges største
Kenneth Brandal seier til NETT NO at prosjektet heng tett ihop med bygging av Stad skipstunell.

- Det er masse frå tunellen som er tenkt brukt i moloen. Entrepenør blir valgt av Kystverket og dei skal då levere tunnelmasse til dei ulike prosjekta.

- Vi byggjer då ut eit stort industriområde på austsida av Leikanger, i tillegg til området som ligg der i dag, med molo vestover som vil skjerme heile Leikanger-bygda. På same måten blir det bygd meir industri på Stave og derifrå molo som møter den andre rundt midt på bygda.

- Dette blir ein av norges største moloar, seier Brandal.

Treng meir areal
Han opplyser at næringslivet er i sterk vekst.

- Etterspørselen etter næringsareal knytta til sjø og kaianlegg er voldsomt stor.

- Eg er glad for at Statsforvaltaren legg stor vekt på at prosjektet gir stor samfunnsnytte, og er ein god måte å nytte tunnelmassane frå Stad Skipstunnel til framtidsretta samfunnsutvikling, seier Brandal, i pressemeldinga.

Gjennomsnittleg djupne der moloen er planlagt er på 20 meter.

I dag er sjølinja ved Leikanger vêrutsett. Med ny molo, kan det leggjast til rette for både turisme og for hurtigbåtanløp.

Stad molo
LEIKANGER: Skisse av deler av den 1,4 kilometer lange moloen. Skisse: Stad Molo
Etterspørselen etter næringsareal knytta til sjø og kaianlegg er voldsomt stor
Kenneth Brandal

Knutepunkt for sjøtransport
I pressemeldinga blir det vist til at Stad skipstunnel opnar ei ny farlei gjennom Vanylvsfjorden og forbi Leikanger, og Leikanger hamn vil dermed bli eit viktig knutepunkt for sjøtransport langs kysten, fiskerisektoren og for turismen/småbåttrafikken.

Leikanger ligg akkurat innanfor dei 10 nautiske mila som Kystverket tidlegare har sett som grense for gratis levering av tunnelmasse.

- Alle nasjonale politikarar snakkar i festtalar om å flytte gods frå land til sjø. No har vi moglegheit til å gjere det i praksis.

- Vi forventar difor eit godt samarbeid med regionale og statlege styresmakter om vidare utvikling av prosjektet, og at vi kan samarbeide også om finansieringsmodellar for utviklinga av området for å nå politiske mål om meir sjøtransport og framtidsretta distriktsutvikling langs kysten, seier Kenneth Brandal.

Publisert: 23.05.2022 15:52

Sist oppdatert: 23.05.2022 16:51

Mer om