Gonzalo de Arteaga Havila
HAVILA: Gonzalo De Arteaga er berekraftansvarleg i Havila. Han kjem frå Argentina, men busett i Volda. Foto: Havila
Nytt

Skal gjere Havila meir berekraftig

Havila satsar meir på berekraft, og Gonzalo de Arteaga skal gjere konsernet grønare.

11.11.2021

Vegard Sævik i Havila Holding opplyser at den nyoppretta stillinga er eit resultat av at Havila vil vere eit ansvarleg konsern og aktivt bidra til å løyse berekraftsutfordringane.

- Berekraft er heilt avgjerande for Havilas evne til å skape vekst, tillit og konkurransedyktig drift. Samtidig er berekraft noko alle, privatpersonar og bedrifter, må ta tak i for å skape ei god framtida for etterkomarane våre, seier han i ei pressemelding.

Krav og tillit
Sævik viser til at det i stadig sterkare grad kjem formelle krav til bedrifter når det gjeld berekraftig drift innan både økonomi, samfunn og klima/miljø, mellom anna ut frå EU-regelverk. Ein må også bygge tillit til investorar, finansieringsinstitusjonar, offentlege styresmakter og andre interessentar på dette området. I tillegg ser ein at både tilsette og komande tilsette ønskjer at Havilagruppa skal levere på berekraft.

- Vi som eigarar er dessutan opptekne av korleis verksemda påverkar omgivelsane. Vi ønsker difor å både synleggjere tiltaka vi allereie gjer i dag og sikre berekraftige og ansvarlege investeringar for framtida.

Berekraft er heilt avgjerande for Havilas evne til å skape vekst, tillit og konkurransedyktig drift
Vegard Sævik

Equinor og Fearnley
Gonzalo De Arteaga starta i stillinga no i november. Han er økonom med ein master frå NHH med spesialisering innan energi, naturressursar og miljø i tillegg til ein master frå HEC i Paris og NHH i internasjonal leiing.

Han har både vore gründer av internettselskap, jobba med risikohandtering og marknadsanalyse i Equinor og kjem frå jobb i Fearnley der arbeidsoppgavene var knytt til marknadsanalyse og shipping.

No skal han mellom anna utvikle strategi for berekraft og rapportere på området for Havilagruppa.

- Rett måte å drive business
Gonzalo de Arteaga seier at han har stor respekt for kva ein har fått til i Havilagruppa.

- Havila har sett spor i samfunnet og er i front, også internasjonalt, når det gjeld berekraft. Havilagruppa har alt gjort mykje med miljø, sosiale forhold og selskapsstyring, og meir skal det bli dei komande åra. Eg er sikker på at dette er den rette måten å drive business på.

Arteaga er opprinneleg frå Argentina, har budd fleire år i Oslo og har no nettopp flytta til Volda. Han er gift med Silje Heggedal, og seier han set stor pris på å kome nærare barna sine besteforeldre og naturen på Sunnmøre.

Publisert: 11.11.2021 09:14

Sist oppdatert: 11.11.2021 09:35

Mer om