Havila capella skjermdump havila kystruten på facebook 22
REISTE FRÅ BYGGEVERFTET: Havila Kystruten tok over sitt første skip tidlegare i veka. Neste stopp for Havila Capella er Bergen, der første seglas startar 1. desmeber. Skjermdump: Havila Kystruten på Facebook
Nytt

Kystruteskipet på veg til Norge

Havila Capella kasta loss frå verftet i Tyrkia. Planlegg dåp i Fosnavåg på nyåret.

Marius Rosbach
09.11.2021

Kystruteskipet Havila Capella kasta tysdag loss frå byggeverftet Tersan i Tyrkia med kurs for Bergen og Norge. Undervegs på seglasen vil reiarlaget dele smakebitar frå skipet og presentere nokon av mannskapet, fortel Havila Kystruten si Facebook-side.

Følg AIS-sporinga til skipet på Marinetraffic.com (ekstern lenke)

Havila Capella er det første av fire skip Herøy-reiarlaget skal sette inn i trafikk på Bergen-Kirkenes-ruta dei neste åra. Skip nummer to er venta på nyåret.

Dåp i januar
I ei pressemelding sendt ut onsdag opplyser reiarlaget at dert blir dåp for skipet i Fosnavåg 15. januar.

Havla Kystruten-sjef Bent Maritini fortel at dei ønske ei dato for å planlegge ein folkefest for interesserte frå heile regionen.

Gudmor for skipet blir Hege Sævik Rabben, som er eigar og dotter av Havila-gründer Per Sævik.

Den første seglasen skjer etter planen allereie 1. desember. Reiarlaget har tidlegare opplyst at verftsarbeidarar og tilsette frå kystruten vil vere om bord på turen til Norge for å gjere oppstarten mest mogleg effektiv.

Skipet er bygd ved det tykiske Tersan-verftet som har opplevd store forsinkelser - i første omgang på grunn av koronapandemien.

Sjefen for Tersan-verftet Mehmet Gazioğlu fortalde nyleg at dei har lært mykje i bygginga av det første skipet. Han ventar difor at arbeidet med dei tre komande skipa blei løyst meir effektivt.

Dei to siste skipa har leveringsdato neste sommar.

Børsverdi på 1,16 milliardar
Havila Kystruten blei notert på Euronext Growt-marknaden ved Oslo Børs i august. Aksjen har hatt nokre nedturar sidan då, men er selskapet er i dag verdsett om lag som ved børsnoteringa - 1,16 milliardar.

Reiarlaget gjekk nyleg ut og fortalde om planane for eit kundesenter i nærleiken av hovudkontoret til Havila på Mjølstadneset. Kystruta har i dag stoppestad i Torvika i Herøy.

Publisert: 09.11.2021 23:05

Sist oppdatert: 10.11.2021 11:14

Mer om