Skal hente 20 millionar i vår
Neste steg for Ålesund-selskap er finansiering av anlegg for biometanol til 450-500 millionar kroner.
I løpet av året skal dagleg leiar Dag Nikolai Ryste i Ålesund-selskapet Glocal Green stå i spissen for to kapitalutvidingar.
Den første er på 20 millionar kroner og skal etter planen vere i mål i andre kvartal i år. Den skal finansiere forprosjektet for produksjonsanlegget for biometanol som Glocal Green vil bygge på Øyer i Gudsbrandsdalen
Den andre kapitalutvidinga skal finansiere det første av tre byggesteg av produksjonsanlegget, ei investering på 450-500 millionar kroner. Planen er å kome i gang med den kapitalutvidinga i slutten av 2022.
Glocal Green sitt mål er å bygge fleire slike anlegg, også på Nordvestlandet, ifølgje Ryste.
Norwegian Hydrogen-samarbeid
Glocal Green har inngått ein samarbeidsavtale med Norwegian Hydrogen, om bruk av hydrogen frå Norwegian Hydrogen som innblanding i bionetanolen frå Glocal Green.
Ei slik innblanding gjer biometanolen meir energirik. For Norwegian Hydrogen - som skal produserer hydrogen - betyr det ein potensiell større marknad for hydrogenet sitt.
Investeringa på 450-500 millionar i Øyer omfattar også produksjonsanlegg for Norwegian Hydrogen ved metanolanlegget.
Les også
Ålesund-selskap
Både Glocal Green og Norwegian Hydrogen har hovudkontor i Ålesund og begge blei etablert i 2020.
Norwegian Hydrogen skal opne sitt første produksjonsanlegg neste år, i Hellesylt.
Glocal Green skal vere i gang med produksjonen på Øyer i 2025.
Dag Nikolai Ryste er dagleg leiar i Glocal Green. Han, broren Peder Eilev Gjærde Ryste, og fire andre familiemedlemer er medeigarar gjennom selskapet Generation Energy. Dei andre eigarane er Trond Ivar Karlstad og Johannes Terje Håskjold.
Norwegian Hydrogen har fem aksjonærar, Flakk-familiens Flakk Gruppen, Hexagon Purus (der Flakk-familien er stor indirekte aksjonær), Tafjord Kraftproduksjon, Tryggestad Eiendom og Finans, Hofseth Aqua og Jan Arild Roppens selskap Astanel.
Publisert: 21.03.2022 13:42
Sist oppdatert: 21.03.2022 15:21