Skal kunne gaa ti timar paa batteri
BATTERIHYBRID: Acel i Ålesund fekk oppdraget med elektronstallasjon på Brim Explorer.
Nytt

Skal kunne gå ti timar på batteri

Acel i Ålesund skal stå bak elektroinstallasjonen til batterihybriden Brim Explorer. 

29.10.2018
- Vi er utruleg glade for å ta del i dette prosjektet med så mange lokale leverandørar og bygging lokalt hos Maritime Partner.
Det seier utviklingsdirektør Kjell-Christian Krohn Dale ved Acel.
Den 24 meter lange og 11 meter breie katamaranen får ein batteripakke på 800 kWh.

Ti timar på batteri

Acel opplyser at fartøyet skal kunne segle i ti timar på batteri i 8-12 knops fart.
- Prosjektet inneber prosjektering og installasjon av alt det elektriske om bord. Vi skal også installere hybridsystemet som kjem frå Brunvoll Mar-El, seier Krohn Dale.
Katamaranen skal frakte turistar i Lofoten og Troms, der det vert satsa på støyfrie og miljøvenlege løysingar.

- Grøn revolusjon

Overbygget er designa av Hareid-designaren Einar Hareide, og der det er 180 graders utsikt.
Fartøyet er også utstyrt med undervannsmikrofonar og ein undervannsdrone for å gi eit inntrykk av livet under overflata.
- Det er svært viktig for oss å ta del i den grøne revolusjonen til sjøs, og vi byrjar no å få ei lang referanseliste frå prosjekt med fokus på energieffektivitet og miljø.
- Dette er svært spennande å jobbe med, seier Krohn Dale.


Publisert: 29.10.2018 15:35

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:27