Skal leie Saevik si nye storsatsing
TOPPSJEF: Arild Myrvoll vert adm. dir. i Havila Kystruten, her frå då han var adm. dir. i offshoreselskapet Rem Offshore.
Nytt

Skal leie Sævik si nye storsatsing

Arild Myrvoll er tilsett som adm. dir. i Havila Kystruten. Janicke Driveklepp vert økonomidirektør.

01.06.2018
Per Sævik i Havila Holding opplyser at det har vore stor interesse for leiarstillingane i Havila Kystruten og at ei rekke godt kvalifiserte personar har vore inne til intervju.
- Og no har vi fått på plass to veldig gode kandidatar som skal ta leiinga for kystruta. Dei skal vere med på å arbeide fram ein heilt ny organisasjon for ein ny og spennande aktivitet, seier Sævik i ei pressemelding.

Lang offshore-erfaring

Myrvoll er utdanna statsautorisert revisor. Han er i dag direktør i Rem Maritime, det nye offshoreselskpaet som Åge Remøy har starta saman med partnerane Thorsteinn Mar Baldvinsson frå Island og Magnus Roth frå Sverige/Sveits.
Frå før var Myrvoll mangeårig finansdirektør i Rem Offshore, og var ein periode også adm. dir. etter at Solstad/Farstad overtok selskapet, og dåverande adm. dir. Åge Remøy gjekk av.
Myrvoll er også styremedlem i Kleven, og representerer der Åge Remøy og Magnus Roth som har investert 60 millionar kroner i verftskonsernet.

Remøy-ros

Styreleiar Åge Remøy i Rem Maritime rosar jobben Myrvoll har gjort.
- Arild har gjennom dei siste 11 åra vore ein sentral samarbeidspartnar, og etterlet seg eit selskap med full kontraktsdekning og dei beste føresetnader for å vekse videre.
- Eg vil takke han for samarbeidet gjennom mange år, og ønske han lukke til i den nye stillinga han skal tre inn i, seier styreleiar Åge Remøy i ei pressemelding.
Remøy opplyser at styret har starta arbeidet med å finne Myrvoll sin etterfølgjar.

- Starten på eit nytt eventyr

Arild Myrvoll seier han ser fram til å få vere med på å bygge opp eit slikt selskap. Han ser både utfordringar og store moglegheiter i Havila Kystruten.
- Satsinga er starten på eit nytt eventyr, og eg blir trigga av potensialet som ligg i selskapet, seier han i pressemeldinga.

Kort veg

Rem Maritime har hovudkontor i Diamanten på Mjølstaneset, der også Havila Shipping og Havila Holding held til.
Same bygget skal no romme administrasjonen til Havila Kystruten, slik at det vert kort veg for Myrvoll når han skiftar jobb.
Sævik-selskapet Havila Kystruten er i ferd med å byggje opp ein organisasjon på 20-30 landtilsette etter at selskapet fekk kontrakten på å drive fire av elleve skip som dagleg trafikkerer strekninga Bergen - Kirkenes.
Havila Kystruten vann oppdraget i hard konkurranse med Hurtigruten, og skal byggje fire 125 meter lange og 20 meter breie skip med plass til om lag 700 passasjerar i kvar.
Alle skipa skal vere klare til 1. januar 2021, og det er no klart at skipa skal byggjast i utlandet, derav to ved spanske verftet Hijos de J. Barreras i Vigo.

500-600 sjøfolk

Totalt vert det rundt 500-600 tilsette på dei fire skipa, og det er Havila Management som vil få ansvaret for mannskapet.
Men først skal toppleiinga på plass. Den nye økonomidirektøren Janicke Driveklepp er siviløkonom, har mellom anna vore økonomisjef i Scana Volda og er i dag økonomisjef i Vartdal Plast.

Reiselivssatsing

Per Sævik seier i pressemeldinga at han er trygg på at det nye reiarlaget har fått gode folk om bord.
- Den erfaringa dei har frå administrasjon, finans og økonomi i ulike typar selskap, og den breie kompetansen dei sit på, vil vere viktig når ein no skal bygge opp eit nytt selskap og ei ny drift.
Havila Kystruten er ein del av Havila Holding si satsing på reiseliv der ein også har eigarskap i tre hotell på Nordvestlandet, passasjertransport og hotell på Færøyane, turisttrafikk med «The Fjords», turistferjer via Fjord1 og flytransport i Widerøe.
Havila Kystruten er eit heileigd selskap av Havila Holding, som eig 33,4 prosent av Bakkar og Berg Media, utgivarselskapet bak NETT NO.
Satsinga er starten på eit nytt eventyr

Publisert: 01.06.2018 14:08

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:22