Skal levere fire båtar før sommaren 2022
Salthammer Båtbyggeri dobla driftsinntektene frå 2019 til 2020 og veks vidare. I år skal selskapet tilbake i pluss.
Tap på eitt prosjekt i fjor er grunnen til underskotet i 2020, seier dagleg leiar Lasse Stokkeland.
I år skal Salthammer Båtbyggeri gå med overskot igjen, samstundes som veksten i driftsinntektene held fram, ifølgje Stokkeland.
Salthammer Båtbyggeri har spesialisert seg på servicebåtar til oppdrettsnæringa. Ein skal leverast i neste månad, tre i første halvår neste år og ein i 2023.
Bra marknad
Salthammer Båtbyggeri har 30 eigne tilsette og i alt 80-90 personar i arbeid nett no. I tillegg til å byggjer båtar lagar selskapet også stålkonstruksjonar for andre.
For å fylle ordreboka med oppdrag som skal leverast neste haust må selskapet få inn nye ordrar i haust.
Stokkeland er optimistisk.
- Marknaden verkar å vere bra, seier han.
Kjøpte designselskap
Under Aqua Nor-messa i august i år offentleggjorde Salthammer Båtbyggeri at det hadde blitt majoritetseigar i sin mangeårige samarbeidspartar Tomra Engineering.
Tomra Engineering har teikna arbeidsbåtane Salthammer Båtbyggeri byggjer.
Les også
Salthammer Båtbyggeri as | ||
Tal i mill. kroner | 2020 | 2019 |
Driftsinntekt | 123,5 | 59,5 |
Driftsresultat | -3,5 | 1,1 |
Resultat før skatt | -4,9 | 1,3 |
Publisert: 08.09.2021 11:07
Sist oppdatert: 03.08.2022 09:37