Roy Frostad dgl Tomra Engineering Lasse Stokkeland Salthammer Båtbyggeri Aqua Nor 2021 foto Ogne
SAMAN: Tomra Engineering-sjef Roy Frostad (t.v) og Salthammer Båtbyggeri-sjef Lasse Stokkeland har blitt kjent gjennom fleire års tett samarbeid. På Akva Nor 2021 har selskapa felles stand. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Salthammer kjøper skipsdesignselskap

Vestnes-verftet blir majoritetseigar i Tomra Engineering.

25.08.2021

Dei to selskapa i Vestnes kommune har samarbeidd tett i fleire år. Salthammer Båtbyggeri har bygd fem arbeidsbåtar til oppdrettsnæringa som Tomra Engineering har teikna, og har kontrakt på å bygge ytterlegare fem.

No har Salthammer Båtbyggeri kjøpt aksjemajoriteten i Tomra Engineering.

- Vi fekk ein henvendelse frå Salthammer som vi synest verka fornuftig, seier dagleg leiar Roy Frostad i Tomra Engineering.

Tomra Enginering har fem tilsette og var heileigd av selskapet D'fous Lunix AS der Frostad er største aksjonær med 40 prosent. Tomra Engineering hadde 5,6 millionar kroner i driftsinnteker og eit resultat før skatt på 0,2 millionar kroner i 2019.

Komplett verdikjede
- No har vi ei komplett verdikjede frå start til slutt, seier Salthammer-sjef Lasse Stokkeland om avtalen.

Nøyaktig kor stor eigarandel Salthammer Båtbyggeri har kjøpt, og kva som er kjløpesummen, er ikkje opplyst.

125 år gamle Salthammer Båtbyggeri har vore eigd av same familie sidan starten i 1896. Åtte familiemedlemer eig 95,5 prosent av aksjane gjennom selskapet LH Salthammer Båtbyggeri Eiendomselskap.

I 2019 hadde selskapet 59,5 millionar kroner i driftsinntekter og 1,3 millionar kroner i resultat før skatt.

Publisert: 25.08.2021 11:02

Sist oppdatert: 25.08.2021 10:36

Mer om