- Vi har eit utruleg utgangspunkt, sa administrerande direktør Henning Beltestad då har snakka om Lerøy Seafood Group sine kjøp av fiskebåtreiarlaget Havfisk og fiskerindustriselselskapet Norway Seafood under resultatpresentasjonen til Lerøy Seafood Group i dag. Oppdrettselskapet er blitt eit komplett sjømatselskap, sa Beltestad.
Dei to selskapa er no ein heileigd del av Lerøy Seafood Group, og både administrerande direktør Webjørn Barstad og finansdirektør Eldar Farstad i Havfisk, og administrerande direktør Thomas Farstad i Norway Seafoods vart til stades under presentasjonen.
Det var truleg siste sjanse for dei tre til å delta på eit slikt arrangement i sine noverande stillingar, men det var i alle fall innlemminga at dei to selskapa som utløyste fleste spørsmål frå analytikarar og presse i etterkanta av presentasjonen.
I første omgang skal Lerøy Seafoods Group sitt verdsomspennade distribusjonsnett, først og fremst for oppdrettslaks og -aure, til å bygge opp ein større marknad også for villfisk, først og fremst tosk, sei og hyse.
Det inneber satsing på både marknadsføring og produktutvikling. Målet er å kunne få meir verdi ut av heile fisken, etter mønster frå både kylling- og lakseoppdrettsnæringa.
- Eg har ei genuin tru på at det skal vere mogleg å få til ein sterk norsk bearbeidingsindustri på filet, seier Beltestad.
Norway Seafoods tek mot 60-70 tusen tonn rund fisk i året, og Havfisk fiskar nesten like mykje. Å ha kontroll over denne fisken gir betre sjansar til å utvikle marknaden enn Lerøy Seafood Group tidlegare har hatt.
I løpet av første halvår neste år reknar Beltestad med å ha avklart mykje om korleis selskapet best mogleg skal organisere drifta av Norway Seafoods og Havfisk som ein del av Lerøy Seafood Group. Det inneber også ei vurdering av korleis fisket i Havfisk kan tilpassast å vere ein del av verdikjeda i Lerøy Seafood Group.
- Beste 3. kvartal nokon sinne, og vårt neste beste kvartalsresultat, sa Webjørn Barstad då han la fram kvartalstala og presentere Havfisk for Lerøy Seafood Group-analytikarane og -investorane (sjå tabell - som er avgrensa til driftsresultat, ikkje resultat før skatt).
Gode torskeprisar er med på å løfte resultatet, saman med at Havfisk i år har fiska meir av fisken tidlegare på året enn i fjor.
Austevoll Seafood eig og driv pelagiske fiskebåtreiarlag i Noreg og Sør-Amerika o gpelagisk industri - mellom anna ei stor aksjepost i den dominerande fiskemjøl- og fiskoljeprodusenten i Noreg, Pelagia. Austevoll Seafood er også børsnotert.
Møgster-familien i Austevoll eig 55,55 prosent av Austevoll Seafood gjennom familieselskapet Laco.
Dei to selskapa er no ein heileigd del av Lerøy Seafood Group, og både administrerande direktør Webjørn Barstad og finansdirektør Eldar Farstad i Havfisk, og administrerande direktør Thomas Farstad i Norway Seafoods vart til stades under presentasjonen.
Det var truleg siste sjanse for dei tre til å delta på eit slikt arrangement i sine noverande stillingar, men det var i alle fall innlemminga at dei to selskapa som utløyste fleste spørsmål frå analytikarar og presse i etterkanta av presentasjonen.
Meir arbeid
Norway Seafoods har åtte produksjonsanlegg, i tillegg til nokre mottaksstasjonar i Noreg, og å sikre meir arbeid til dei anlegga står øverst på lista når Lerøy Seafood Group skal byrje å hente ut gevinst frå kjøpa av Norway Seafoods/Havfisk.I første omgang skal Lerøy Seafoods Group sitt verdsomspennade distribusjonsnett, først og fremst for oppdrettslaks og -aure, til å bygge opp ein større marknad også for villfisk, først og fremst tosk, sei og hyse.
Det inneber satsing på både marknadsføring og produktutvikling. Målet er å kunne få meir verdi ut av heile fisken, etter mønster frå både kylling- og lakseoppdrettsnæringa.
- Eg har ei genuin tru på at det skal vere mogleg å få til ein sterk norsk bearbeidingsindustri på filet, seier Beltestad.
Store gevinstar
- Vi har fått eit heilt anna volum inn i vårt selskap, seier han om konsekvensen av å kjøpe Havfisk og Norway Seafoods.Norway Seafoods tek mot 60-70 tusen tonn rund fisk i året, og Havfisk fiskar nesten like mykje. Å ha kontroll over denne fisken gir betre sjansar til å utvikle marknaden enn Lerøy Seafood Group tidlegare har hatt.
I løpet av første halvår neste år reknar Beltestad med å ha avklart mykje om korleis selskapet best mogleg skal organisere drifta av Norway Seafoods og Havfisk som ein del av Lerøy Seafood Group. Det inneber også ei vurdering av korleis fisket i Havfisk kan tilpassast å vere ein del av verdikjeda i Lerøy Seafood Group.
Rekord
Både Havfisk og Norway Seafoods er inkludert i Lerøy Seafood Group-rekneskapen for 3. kvartal 2016, som blei lagt fram i dag.- Beste 3. kvartal nokon sinne, og vårt neste beste kvartalsresultat, sa Webjørn Barstad då han la fram kvartalstala og presentere Havfisk for Lerøy Seafood Group-analytikarane og -investorane (sjå tabell - som er avgrensa til driftsresultat, ikkje resultat før skatt).
Gode torskeprisar er med på å løfte resultatet, saman med at Havfisk i år har fiska meir av fisken tidlegare på året enn i fjor.
Møgsterfamilien
Lerøy Seafood Group er eit børsnotert selskap med Austevoll Seafood som største aksjonær (52,69 prosent).Austevoll Seafood eig og driv pelagiske fiskebåtreiarlag i Noreg og Sør-Amerika o gpelagisk industri - mellom anna ei stor aksjepost i den dominerande fiskemjøl- og fiskoljeprodusenten i Noreg, Pelagia. Austevoll Seafood er også børsnotert.
Møgster-familien i Austevoll eig 55,55 prosent av Austevoll Seafood gjennom familieselskapet Laco.
Publisert: 10.11.2016 14:15
Sist oppdatert: 09.03.2021 09:23