Det er britiske Ocean Infinity som har bestilte dei fire skipa.
I 2024 skreiv Nett No at reiarlaget hadde fått levert, eller hadde i bestilling i alt 14 skip fra Vard. No kjem ei bestilling på fire til, ifølgje ei børsmelding få Vard-eigar Fincantieri og ei pressemelding frå Vard.
Fleirbruksskipa til Ocean Infinity blir omtalt som «marine robotics»-fartøy, og er mellom anna tilrettelagt for fjernstyring frå land.
– Kanskje den viktigaste grunnen er at vi har valt å gå denne vegen, er at vi har mange ROV-operatørar om bord, der mykje kan bli vunne ved å flytte dei over på land, sa Morten Skogvold i Ocean Infinity til Nett No i 2024.
Levering i 2028
Dei to skipa som blir bygd på Nordvestlandet, skal leverast i første og andre kvartal 2028. Dei to skipa som skal leverast frå Vard sitt verft i Vietnam, skal leverast i tredje og fjerde kvartal 2028.
Kontrakten er på over 200 millionar euro, som er over 2,3 milliardar kroner.
Både datterselskapa Vard Electro, Vard Interiors og Seaonics får oppdrag med å levere til dei fire skipa.

Magert 2025
Målt etter nybyggingskontraktar vart fjoråret magert for norsk skipsbygging.
Fasiten blei 17 nybyggingskontraktar for til saman 13 milliardar kroner, mot 34 kontraktar for 20 milliardar i 2024.
Med dei nye kontraktane har Vard 36 skip under bygging eller i ordre, 17 av dei i Noreg.
Publisert: 12.01.2026 08:20
Sist oppdatert: 13.01.2026 06:02






