Nytt
Skal spinne ut ei ny bedrift i året
Stryn TechHub skal hjelpe eksisterande bedrifter og skape nye.
22.12.2016
- Ideen til å etablere Stryn TechHub kjem frå miljøet rundt Norva24 (tidlegare Septik24), Miljøservice, Nomek og Vendanor. Sentrale personar i desse bedriftene har gjennom fleire år jobba med innovasjon og utvikling, og meiner ei meir målretta satsing og konseptutvikling i regi av Stryn TechHub vil setje enda meir fart i viktige innovasjonsprosessar, seier dagleg leiar Knut Henning Hjellbakk i Stryn Næringshage.
Målet er å gjere vegen frå ide til nytt produkt, ny teneste eller ny bedrift både kortare og raskare.
I januar legg Hjellbakk fram forprosjekt-rapporten til satsinga.
Satsinga skal og gjere bedriftene i klynga meir attraktive med omsyn til rekruttering.
I første omgang er målet å styrkje miljøet med kompetanse innan programmering, ingeniør- og automasjonsarbeid. Tanken er at bedrifter som ikkje kan eller vil tilsette slik kompetanse på heiltid, kan leige og dele på den.
Hjellbakk seier han både ser mot nyutdanna og folk med yrkeserfaring når han skal rekruttere folk til Stryn TechHub.
Stryn TechHub skal og fungere som ein utklekkingssentral for nye bedrifter.
- Målet er å spinne ut ei ny bedrift årleg frå techhuben, seier Hjellbakk.
- Oppslutninga og tilbakemeldingane har vore gode. Tiltaket har fått brei støtte i både næringslivet og verkemiddelapparatet, seier Hjellbakk.
Satsinga har ingen geografisk avgrensing og målet er i tillegg å knyte seg opp mot klynger andre stader, også i Møre og Romsdal.
Satsinga har og etablert ein møteplass for arbeid med utviklingsprosjekt.
- Under TechHub-Thursday ein gong i månaden, samt faste morgenmøter kvar fredag, set vi fokus på utviklingsarbeidet og koordinerer oss. Innovasjon Norge og Kunnskapsparken er faste gjestar kvar månad og følgjer opp bedriftene i ulike prosjekt. Det er også spanande å sjå at nye bedriftsnettverk kjem i stand i kjølvatnet av satsinga, seier Hjellbakk, og viser mellom anna til initiativ mellom TEKO-bedrifter i Stryn og Eid.
- Små og mellomstore bedrifter har i liten grad vore kjent for å vere knytt til forskingsinstitusjonar. Det foregår mykje forsking- og utvikling, men det blir gjerne ikkje registrert,og kopling mot akademia kan føre utviklingsprosjekta i nye, spennande retningar, seier Hjellbakk.
Inkubatorbedriftene får hjelp i startfasen i form av rimeleg kontorplass og oppfølging i ei avgrensa periode.
Målet er å gjere vegen frå ide til nytt produkt, ny teneste eller ny bedrift både kortare og raskare.
I januar legg Hjellbakk fram forprosjekt-rapporten til satsinga.
Kompetanse og nettverk
I forprosjektet til etableringa av Stryn TechHub er det nokre sentrale behov som peikar seg ut, i følgje Hjellbakk:Kompetanseheving, nettverksbygging og etablering av møteplassar. Målet er å bidra til nye samarbeid, nye produkt og tenester, nye selskap og arbeidsplassar.Satsinga skal og gjere bedriftene i klynga meir attraktive med omsyn til rekruttering.
Dele kunnskap
Stryn TechHub blir i utgangspunktet ei avdeling i Stryn Næringshage, og i starten er det bruk og utvikling av ny teknologi for å halde seg føre konkurrentane som står høgt på prioriteringslista.I første omgang er målet å styrkje miljøet med kompetanse innan programmering, ingeniør- og automasjonsarbeid. Tanken er at bedrifter som ikkje kan eller vil tilsette slik kompetanse på heiltid, kan leige og dele på den.
Hjellbakk seier han både ser mot nyutdanna og folk med yrkeserfaring når han skal rekruttere folk til Stryn TechHub.
Utklekkingssentral
- Vi vil også legge til rette for at ein kan etablere eigne bedrifter i techhuben og levere etterspurde tenester til bedriftene. Her kjem ein rett inn i eit miljø og vi kan garantere for ei viss mengd oppdrag, seier han.Stryn TechHub skal og fungere som ein utklekkingssentral for nye bedrifter.
- Målet er å spinne ut ei ny bedrift årleg frå techhuben, seier Hjellbakk.
Samle bedrifter
Stryn TechHub-satsinga har i haust hatt to dagsamlingar som har kombinert fagleg oppdatering og nettverksbygging. Den siste samlinga hadde rundt 45 deltakarar frå omlag 30 bedrifter.- Oppslutninga og tilbakemeldingane har vore gode. Tiltaket har fått brei støtte i både næringslivet og verkemiddelapparatet, seier Hjellbakk.
Satsinga har ingen geografisk avgrensing og målet er i tillegg å knyte seg opp mot klynger andre stader, også i Møre og Romsdal.
Satsinga har og etablert ein møteplass for arbeid med utviklingsprosjekt.
- Under TechHub-Thursday ein gong i månaden, samt faste morgenmøter kvar fredag, set vi fokus på utviklingsarbeidet og koordinerer oss. Innovasjon Norge og Kunnskapsparken er faste gjestar kvar månad og følgjer opp bedriftene i ulike prosjekt. Det er også spanande å sjå at nye bedriftsnettverk kjem i stand i kjølvatnet av satsinga, seier Hjellbakk, og viser mellom anna til initiativ mellom TEKO-bedrifter i Stryn og Eid.
Meir forsking
Over nyttår er NTNU og Forskningsrådet dei første gjestane hos Stryn TechHub og Stryn Næringshage. Målet er mellom anna å knyte bedrifter tettare opp mot forskingsmiljøa.- Små og mellomstore bedrifter har i liten grad vore kjent for å vere knytt til forskingsinstitusjonar. Det foregår mykje forsking- og utvikling, men det blir gjerne ikkje registrert,og kopling mot akademia kan føre utviklingsprosjekta i nye, spennande retningar, seier Hjellbakk.
Inkubatorsenter
Stryn TechHub er lokalisert på Vikaleirane ved Stryn sentrum, i same bygg som mellom andre den mekaniske bedrifta Nomek. Her har også kunnskapsparken i Sogn og Fjordane leigd plass til ei avdeling av Inkubatorsenteret sitt, med plass til to - tre inkubatorbedrifter.Inkubatorbedriftene får hjelp i startfasen i form av rimeleg kontorplass og oppfølging i ei avgrensa periode.
Vi vil også legge til rette for at ein kan etablere eigne bedrifter i techhuben og levere etterspurde tenester til bedriftene. Her kjem ein rett inn i eit miljø og vi kan garantere for ei viss mengd oppdrag
Publisert: 22.12.2016 06:00
Sist oppdatert: 18.11.2021 10:12