Nytt
Skal svare på om vi kan tene på å losne koronagrepet
Økonomar skal rekne på kor mykje samfunnet kan spare på å la smitten spreie seg blant folk så snart risikogruppene er vaksinerte.
Administrator
05.02.2021
NPK-NTB: Professor Steinar Holden frå Universitetet i Oslo har fått eit nytt oppdrag frå helsestyresmaktene. Han skal leie eit utval som skal sjå på kva ulike pandemitiltak kostar og tilrå ein strategi for regjeringa. Bakteppet er utrulling av vaksinar og trusselen frå meir smittsame virusvariantar.
Utvalet vil sjå på spørsmål som blir heftig diskuterte: Er det betre med innreiserestriksjonar, eller skal vi opne grensene meir og halde fram med strenge tiltak for å hindre at folk er i kontakt med kvarandre?
Er det betre med nasjonale tiltak eller lokale tiltak? Og kva tiltak bør fjernast først når samfunnet skal opnast igjen?
Økonomane skal setje opp scenario som opnar for meir eller mindre smitte, og sjå på samanhengen mellom vaksinestrategi og gjenopning av samfunnet.
«Vurderingen bør inkludere en samfunnsøkonomisk analyse av virkningene og gevinster knyttet til å åpne for større smittespredning etter at risikogruppene er vaksinert», heiter det.
Han viser til at det er mange aspekt som skal vurderast, samtidig som det er stor uvisse om mange forhold, som til dømes følgjene av auka smitte dersom ein lettar på tiltak.
Tapt verdiskaping, dødsfall og helsetap er blant faktorane dei vil vurdere. Men på spørsmål om dei vil sjå på effekten av tiltak på den psykiske helsa, eller kva det kostar samfunnet at elevar får dårlegare skuletilbod, svarer Holden:
– Det vil vere viktige forhold som vi ikkje får drøfta godt nok. Der må nok avgjerdstakarane basere seg på annan informasjon.
Utvalet er sett saman av fire økonomar, og dessutan Preben Aavitsland frå Helsedirektoratet og Trygve Ottesen frå Folkehelseinstituttet.
– Eg trur den overordna strategien, som er hovudsvaret til Holden-utvalet, står seg godt, nemleg det at å behalde kontrollen på smittespreiinga er det som både vernar liv og helse best, men også økonomien best, seier helseminister Bent Høie (H) til NTB.
Holden er samd i at konklusjonen står seg:
– Erfaringar frå andre land og Noreg viser at viss smitten aukar, så kan det bli kostbart å få han ned igjen, seier han.
Utvalet skal levere to rapportar i løpet av nokre veker. Allereie neste veke skal dei gi ei vurdering av behovet for endringar i dei nasjonale tiltaka som gjeld i dag.
Den andre rapporten skal etter planen leverast andre veka av mars.
Førre runde vurderte Holden-utvalet økonomiske støttetiltak. Det er ikkje ein del av oppgåva denne gongen.
I eit optimistisk scenario får mutantar ikkje fotfeste, alle i risikogruppa er vaksinert innan påske og resten innan sommaren. I det pessimistiske scenarioet er det ikkje mogleg å få vaksinert ein stor nok del til at smitteverntiltaka kan avviklast gjennom året, eller vaksinane fungerer ikkje for muterte virus.
Eit mellom-scenario inneber at risikogruppene er vaksinerte innan sommaren, men mutasjonar og forseinka vaksinar gjer det dryger til nyttår før ein kan fjerne alle tiltaka.
– Poenget med desse scenarioa er å vise at vi ikkje berre kan leggje éin strategi for korleis vi skal komme ut av denne krisa. Situasjonen endrar seg heile tida, og det gjer òg at behovet for økonomiske tiltak vil endre seg, sa statsminister Erna Solberg (H) førre veke.
Utvalet vil sjå på spørsmål som blir heftig diskuterte: Er det betre med innreiserestriksjonar, eller skal vi opne grensene meir og halde fram med strenge tiltak for å hindre at folk er i kontakt med kvarandre?
Er det betre med nasjonale tiltak eller lokale tiltak? Og kva tiltak bør fjernast først når samfunnet skal opnast igjen?
Økonomane skal setje opp scenario som opnar for meir eller mindre smitte, og sjå på samanhengen mellom vaksinestrategi og gjenopning av samfunnet.
«Vurderingen bør inkludere en samfunnsøkonomisk analyse av virkningene og gevinster knyttet til å åpne for større smittespredning etter at risikogruppene er vaksinert», heiter det.
– Mykje uviss
– Det er krevjande problemstillingar, seier Holden om oppgåva som ligg føre han.Han viser til at det er mange aspekt som skal vurderast, samtidig som det er stor uvisse om mange forhold, som til dømes følgjene av auka smitte dersom ein lettar på tiltak.
Tapt verdiskaping, dødsfall og helsetap er blant faktorane dei vil vurdere. Men på spørsmål om dei vil sjå på effekten av tiltak på den psykiske helsa, eller kva det kostar samfunnet at elevar får dårlegare skuletilbod, svarer Holden:
– Det vil vere viktige forhold som vi ikkje får drøfta godt nok. Der må nok avgjerdstakarane basere seg på annan informasjon.
Utvalet er sett saman av fire økonomar, og dessutan Preben Aavitsland frå Helsedirektoratet og Trygve Ottesen frå Folkehelseinstituttet.
Tilrådde å halde smitten nede
Holden-utvalet leverte to rapportar på rappen i fjor vår. Den siste kom i mai og tilrådde ein strategi som heldt smittespreiinga nede.– Eg trur den overordna strategien, som er hovudsvaret til Holden-utvalet, står seg godt, nemleg det at å behalde kontrollen på smittespreiinga er det som både vernar liv og helse best, men også økonomien best, seier helseminister Bent Høie (H) til NTB.
Holden er samd i at konklusjonen står seg:
– Erfaringar frå andre land og Noreg viser at viss smitten aukar, så kan det bli kostbart å få han ned igjen, seier han.
Kort tid
Årsaka til at regjeringa meiner det trengst nye vurderingar no, er meir erfaring med pandemien både nasjonalt og internasjonalt og at vaksinasjonen er i gang. Dessutan er trusselen frå meir smittsame variantar av viruset ny sidan førre rapport.Utvalet skal levere to rapportar i løpet av nokre veker. Allereie neste veke skal dei gi ei vurdering av behovet for endringar i dei nasjonale tiltaka som gjeld i dag.
Den andre rapporten skal etter planen leverast andre veka av mars.
Førre runde vurderte Holden-utvalet økonomiske støttetiltak. Det er ikkje ein del av oppgåva denne gongen.
Optimistisk eller pessimistisk?
Utvalet har fått tre scenario å jobbe etter.I eit optimistisk scenario får mutantar ikkje fotfeste, alle i risikogruppa er vaksinert innan påske og resten innan sommaren. I det pessimistiske scenarioet er det ikkje mogleg å få vaksinert ein stor nok del til at smitteverntiltaka kan avviklast gjennom året, eller vaksinane fungerer ikkje for muterte virus.
Eit mellom-scenario inneber at risikogruppene er vaksinerte innan sommaren, men mutasjonar og forseinka vaksinar gjer det dryger til nyttår før ein kan fjerne alle tiltaka.
– Poenget med desse scenarioa er å vise at vi ikkje berre kan leggje éin strategi for korleis vi skal komme ut av denne krisa. Situasjonen endrar seg heile tida, og det gjer òg at behovet for økonomiske tiltak vil endre seg, sa statsminister Erna Solberg (H) førre veke.
Publisert: 05.02.2021 00:12
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:14