Island Offshore vard 325 innfelt tommy walaunet illustrasjon foto Vard Island Offshore 11
KJERNEKRAFT: Island Offshore-sjef Tommy Walaunet fortel at dei i løpet av få år kan vere klare til å legge inn ei bestilling hos Vard på eit nytt skip av denne typen - med kjernekraft. Illustrasjon/foto: Vard/Island Offshore
Nytt

Trur på bygging av kjernekraftskip om få år

«Mykje meir spennande» enn andre alternativ for nullutslepp, meiner Island Offshore-sjefen.

I løpet av to til fire år trur Island Offshore-sjef Tommy Walaunet at reiarlaget har eit grunnlag for å avgjere om det er mogleg å realisere bygging av eit kjernekraftskip til bruk i offshore.

– Då håpar vi å vere i mål med den delen av prosjektet som dreiar seg om å detaljplanlegge all engineering, tilpasse designet og finne dei løysingane som skal til for å sikre nukleær framdrift på eit offshore skip, seier han til Nett No.

Samtidig må regelverk og infrastruktur etablerast slik at det blir praktisk mogleg å realisere.

Reiarlaget  samarbeider med skipsbyggjarane i Vard, og selskapet Emerald Nuclear som leverer reaktorar og tilhøyrande system. 

Jan Emblemsvag Hans Petter Hildre Nuproship II 2025 foto Ogne
NTNU-professorane Jan Emblemsvåg (t.v.) og Hans Petter Hildre er begge involvert i Nuproship-arbeidet. Foto: Ogne Øyehaug

NTNU ein viktig medspelar
NTNU er også ein viktig medspelar gjennom forskingsprosjekt som Nuproship I og II. Walaunet påpeiker at dei er ein fagleg tung pådrivar for utvikling av ny utsleppsteknologi for skip.

– Vi ynskjer å bygge eit sterkt konsortium med kompetanse frå det akademiske miljøet, lovverk og regulering samt maritim industri, som saman kan ta desse ideane vidare. I denne samanheng har vi tatt utgangspunkt i Vard sitt design «VARD 3 25», som er same type skip som vi har under bygging, fortel Walaunet.

I løpet av fjoråret bestilte reiarlaget to konstruksjonsskip frå Vard, og har opsjon på eit skip til. Begge skipa skal leverast i 2027.

Meir spennande enn hydrogen og ammoniakk
Om alt går etter planen og dei finn ut korleis utfordringane dei møter undervegs skal handterast, ligg det i korta at Vard kan vil få oppdrag med å bygge slike eit tredje skip til reiarlaget – med ein kjernekraftreaktor om bord som står for energien. 

Eit slikt prosjekt sjølvsagt også avhengig at skipet kan få kommersielt arbeid med slik utrustning og teknologi, påpeiker Walaunet. 

– Vi trur at den type reaktorløysingar, som er modulære og kan levere ei trygg og robust framdriftsløysing på fem megawatt, kan bli veldig relevante og konkurransedyktige løysingar for nullutslepp, seier reiarsjefen.

– Meir interessant enn til eksempel hydrogen og ammoniakk med andre ord?

– Ja, dette er mykje meir spennande meiner vi. Det er likevel ikkje løysinga for alle type skip, men for nokre driftsformer trur vi dette vil vere tilgjengeleg for kommersiell shipping i løpet av få år, seier Walaunet. 

Det er framleis eit langt lerret å bleike med tanke på å utvikle ei velfungerande verdikjede, men teknologi og løysingar har utvikla seg vesentleg dei siste ti åra. 

– Vi treng pilotar som tek utviklinga vidare, legg han til.

Trur på kjernekraft i fleire skipstypar
Forskings- og innovasjonssjef Håvard Vollset Lien hos Vard har stor tru på kjernekraft på fleire skipstypar.

– For mange av dei skipstypane vi leverer, vil kjernekraft i nær framtid vere den beste løysinga utifrå operasjonelle omsyn. Det er også den løysinga som er mest berekraftig i eit ressursperspektiv, utan å bandlegge store mengder energi på land til produksjon av drivstoff, seier han til Nett No. 

– Kan skape verdshistorie
NTNU-professor Jan Emblemsvåg i Ålesund seier til avisa Kystens Næringsliv at det blir arbeidd med å få bygd tre ulike type skip som skal gå på kjernekraft. 

– Vi kan skape verdshistorie, seier prosjektleiaren til avisa.

Island Offshore-skipet er eitt av dei. Ein LNG-tankar som byggjast om for Knutsen OAS er det andre – medan det tredje ikkje er klart enno.

Synnjover Seglem dgl Knutsen OAS Nuproship foto Ogne
MED PÅ PROJEKTET: Knutsen OAS-sjef Synnøve Seglem. Reiarlaget med base i Haugesund har vært med i det maritime kjernekraftforskningsprosjektet Nuproship siden starten og vil være med videre. Foto: Ogne Øyehaug

Hos dei som arbeider med å utvikle og få tatt i bruk kjernekraft i sivil skipsfart er det no tru på at kjernekraft vil utkonkurrere drivstoff av olje, av same grunn som olje utkonkurrerte kol. Fordi det er billegare og betre.

– Det vi veit, er at kjernekraft som energiberar kan vere betydeleg billigare enn fossil brensel, særleg dei som blir brukt i skip, sa Per Peterson til Nett No i juni i år då han deltok på ein kjernekraftkonferanse på NTNU i Ålesund.

Skipa kan segle raskare
Petersen er professor i kjerneteknikk ved UC Berkeley, og medgründar i reaktorselskapet Kairos Power, som arbeider med å utvikle små reaktorar som kan brukast i skip.

Professoren meiner óg at kjernekraft blir så billeg at skipa kan gå fortare.

– Fordi det er ei avveging mellom drivstoffkostnad og inntekt ved frakt av last, køyrer fossildrivne skip ofte saktare for å bruke mindre drivstoff per mil. Med kjernekraft, som har lågare drivstoffkostnad, ser ein at skipa går 20 til 40 prosent raskare, og kan difor frakte meir last på same tid, sa Peterson.

Lossy page1 725px The nuclear ship Savannah passing under the Golden Gate Bridge in San Francisco California on its way to the NARA 542141 tif 1 jpg innfelt Hans Petter Hildre NTNU foto Ogne
COMEBACK FOR KJERNEKRAFT: Det amerikanske laste- og passasjerskipet Savannah er eitt av få sivile skip som har gått på kjernekraft. Skipet var i trafikk i åra 1962-1972. NTNU-professor Hans Petter Hildre (innfelt) trur det blir bygd skip på Nordvestlandet med kjernekraft som energikjelde, innan 2032. Foto: Wikimedia Commons/Ogne Øyehaug

Første skip i år 2032
Hans Petter Hildre er professor med NTNU og prosjekteigar for Nuproship. 

I april år spådde han at det første skipet med kjernekraft som energikjelde ville bli levert frå eit verft på Nordvestlandet innan 2032.

– Det er ei enorm hurtig utvikling som foregår på det ein kallar fjerde generasjon kjerneenergi. Ei utruleg hurtig utvikling der ein kjem med SMR, eller små modulære reaktorar. Dei er fabrikkbygde, det vil seie dei er inne i ein industriell kontekst, så dei blir billegare. Og dei er mykje sikrare, så det blir modular som du kan putte inn i ein båt, som blir stilt ferdig ut frå fabrikkane no seint 2028-2029, rundt der. Og då er eg heilt overbevist om at vi får dei første inn på ein båt som då lettar frå skipsverft her i 2032 omtrent, sa Hildre.

Publisert: 08.10.2025 05:00

Sist oppdatert: 07.10.2025 20:00

Mer om