Audun Victor Bakke Lars Johan Frigstadm Ronny Bakke Dimeq foto Ogne
SNART KLAR: Audun Victor Bakke (tv), Lars Johan Frigstad og Ronny Bakke i Dimeq har utvikla eit system der ein sendar i eit armband på mannskap og passasjerar ombord blir aktivert i ein alarmsituasjon og viser posisjonen til skipperen på brua. Arkivfoto: Ogne Øyehaug.
Nytt

Bremangerselskap med Equinor i ryggen

I haust skal Bremanger-selskapet Dimeq starte salet av redningssystemet selskapet har arbeidd med sidan 2016.

05.05.2021

Tidlegare i år kom Dimeq i Bremanger gjennom nålauget til programmet som Equinor og det amerikanske investeringselskapet Techstars har etablert for å løfte fram nye teknologibedrifter.

Av ni selskap som blei kvalifisert til Equinor & Techstars Energy Accelerator 2021 er to norske, og vesle Dimeq i Bremanger er det eine.

Techstars har spesialisiert seg på å hjelpe fram nye bedrifter og idear og koble gründerar og investorar.

Test og kapitalutviding
To nye rundar med uttesting hos skipa til seismikkselskapet PGS står att før lansering, fortel dagleg leiar og medeigar Ronny Bakke.

Han og faren Audun Victor Bakke er dei to største aksjonærane i selskapet. Kongsberg Innovasjon og styreleiar Lars Johan Frigstad er også medeigarar, samen med fleire mindre aksjonærar.

Den siste kapitalutvidinga til Dimeq var på seks-sju millionar kroner og kom frå eksisterande eigarar, seier Bakke. Det er nok til å lansere produktet og starte salet, ifølgje Bakke. Men planen er å gjennomføre ei kapitaliutviding til, på rundt 30 millionar kroner. Då er håpet å få inn industrielle medeigarar og finansiere ytterlege satsing i marknadsarbeidet.

Full kontroll
Ideen til Demiq er at alt mannskap og passasjerar ombord på skipet skal vere utstyrt med eit armband med sendar som blir aktivert ved ein alarm-/krisesituasjon. Straks systemet er aktivert vil skipperen på brua ha full oversikt over kvar alt mannskap og alle passasjerar er til ei kvar tid.

Systemet vil også sende posisjonen til folk som har falle i sjøen og lette leite- og redningsarbeidet.

I utgangspunktet blir det satsa på fiske- og offshorefartøyflåten, men systemet er og utvikla med tanke på cruiseskip.

Dimeq as
Tal i mill. kroner20202019
Driftsinntekter0,030,4
Driftsresultat-2,3-1,0
Resultat før skatt-2,3-1,0

Publisert: 05.05.2021 06:00

Sist oppdatert: 05.05.2021 22:03

Mer om