Skarboe passerte 300 millionar i 2013
USA-GJENNOMBROT: Platina Seafood og André Skarbø oppretta sals- og distribusjonsselskap i Miami i fjor, og leverte det beste resultatet nokon gong.
Nytt

Skarbø passerte 300 millionar i 2013

Platina Seafood på Stranda har berre to tilsette, men omsette for over 300 millionar kroner i 2013.

17.02.2014
Stranda-selskapet hadde i 2013 sitt niande driftsår, og det vart det beste hittil med eit resultat før skatt på vel 20 millionar kroner inkludert finanskostnader.
Omsetninga auka samstundes med solide 128 millionar kroner på eitt år.
- Ja, 2013 var eit bra år. Selskapet har hatt fin vekst i både omsetning og inntening siste tre åra. Det seier André Skarbø, som er dagleg leiar og eineeigar i selskapet.

Kjøpte ut Norsk Sjømat

Selskapet vart etablert i 2004 under namnet Norsk Sjømat Trading og deleigd av Norsk Sjømat AS. Men i 2011 kjøpte Skarbø ut Norsk Sjømat og overtok heile selskapet.
- Dette angrar eg ikkje på, seier Skarbø.
Platina Seafood driv med kjøp og sal av laks og ørret, i tillegg til at selskapet leigeproduserer ferdigvarer av laks og ørret for vidaresalg.

Miami-satsing

I 2013 tok det av med salet i USA for selskapet. Heile 149 millionar kroner av salet var knytt til USA og Canada.
Skarbø seier at mykje av forklaringa for veksten i USA er at selskapet har oppretta eit eige sals- og distribusjonsselskap i Miami.
- Miami er den viktigaste byen for atlantisk laks i USA.
USA-satsinga skjer i tett samarbeid med Villa Organic-gründer Johan E. Andreasen frå Vikebukt.
- Andreasen har busett seg i Miami og representerer selskapet Platina Seafood inc, seier Skarbø.

Godt posisjonert

I årsmeldinga frå Platina Seafood går det fram at 146 millionar kroner av salet var knytt til Norge og EU, medan knappe fem millionar gjekk til andre land.
I årsmeldinga vert det vist til at 2013 var eit år prega av store sviningingar i lakseprisen, men at selskapet klarde å posisjonere seg godt i forkant av prisoppgangen, spesielt knytt til fjerde kvartal.
I 2014 forventar ein at snittprisen vert høgare enn i 2013 på Fersk Laks, men at det også vert auka press på marginar

Publisert: 17.02.2014 18:22

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:31