Skeptisk til næringsutviklings-arbeidet i nye Ålesund
SKEPTIKAR: Leif Arne Langøy har vore med på å utvikle næringsutviklingsarbeidet i Haram og er skeptisk til at nye Ålesund kommune klarer å kopierer Haramsmodellen. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Skeptisk til næringsutviklings-arbeidet i nye Ålesund

Næringsutviklingsarbeidet i nye Ålesund må frikoblast frå kommuneforvaltninga, slik som i Haram. Leif Arne Langøy fryktar det motsette skjer.

11.04.2019

- Eg er litt skeptisk, for å vere litt forsiktig, sa tidlegare Aker-sjef Leif Arne Langøy om i kor stor grad nye Ålesund kommune klarer å kopiere Haram kommune sin måte å drive næringsutvikling på. Langøy er ein av innleiarane på konferansen Sunnmøre Regionråd, Haram Nærings og Innovasjonsforum og konferansen The North West arrangerer i dag.

Langøy har sjølv vore næringssjef i Haram kommune og vore med på utviklinga av den såkalla "Haramsmodellen", som etter planen også skal vere modellen for nye Ålesund kommune.

Les også: Haram til topps

Nøkkelen for å få det til er å skille arbeidet med næringsutvikling ut i ei sjølvstending eining, som Langøy seier må:- få ei fri rolle og ikkje vere for tett på forvalningsdelen av kommunen.

Færre industriarbeidar
Medan 45 prosent av arbeidsstyrken i Haram arbeider i industrien er det under 10 prosent i dagens Ålesund kommune.

- Den kulturforskjellen der ei ei utfordring framover, sa Langøy.

I presentasjonen av Ålesund kommunen blir det lagt for lite vekt på næringsutvikling, etter Langøy si vurdering. Den nye Ålesund kommune må presentere seg langt meir offensivt.

- Ein byregion som fasiliterer eit næringsliv i verdsklasse, sa Langøy om kva som bør vere målet.

Viktigare med næringsutvikling
Endringa i næringslivet og samfunnet ellers forsterkar betydninga av at kommunane er aktive i næringsutviklinga, meiner Langøy.

Folketalet i Møre og Romsdal går ned, færre bedrifter er lokalt eigd og det er færre lokale høvdingar i det lokale næringslivet. Det gjer det desto viktigare å støtte opp om bedriftene som er her, og bidra til at dei er lønsame.

For eigarane som sit langt vekke legg er bedriftene dei eig her på Nordvestlandet brikkar, som blir vurdert ut frå lønsemda dei bidrar med til eigarane.

- Då blir at desse brikkane gjer det bra ekstremt viktig, sa Langøy.

Skal motbevise Langøy
- Vår oppgåve i den nye kommunen er å motbevise den skepsisen, seier Astrid Eidsvik.

Ho leier arbeidet med å samle Ålesund, Skodje, Ørskog, Haram og Sandøy til ei kommune og blir rådmann etter samanslåinga.

Eidsvik seier næringsutviklingsarbeidet i nye Ålesund kommune blir organisert som ei eining under stagbsjefen for strategi, samfunns- og næringsutvikling og leia av Inger Synnøve Reme, som er tilsett som næringssjef. Remme er i dag tilsett i Haram Nærings og innovasjonsforum.


Publisert: 11.04.2019 15:47

Sist oppdatert: 28.03.2023 16:45