Skipsteknisk Aurora Fisheries
TIL NEW ZEALAND: Den nye fabrikktrålaren til New Zealandsek Aurora Fisheries blir teikna i Ålesund. Illustrasjon: Skipsteknisk
Nytt

Skipsteknisk-kontrakt på New Zealand

Skal teikne fabrikktrålar som blir bygd i Tyrkia.

03.11.2023

Aurora Fisheries, som er ein del av Solander Group på NewZealand, skal få bygd ein 80 meter lang og 15,4 meter brei fabrikktrålar. Skipsdesignselskapet Skipsteknisk i Ålesund står for designet, og fartøyet skal byggast hos Tersan Shipyard i Tyrkia, ifølgje ei pressemelding frå Skipsteknisk.

Fabrikktrålaren skal fiske på fleire fiskeslag i området rundt New Zealand og erstatte båten reiarlaget har i dag når nybygget blir levert i fjerde kvartal 2025. Nybygget vil ha plass til ein mannskap på inntil 50 personar.

Skipteknisk har tidlegare teikna fleire fartøy for kundar på New Zealand; fiskeriforskningskipet «Tangaroa» bygg på Mjellem & Karlsen i Bergen i 1991, fabrikktrålaren «Rehua» bygd av Langsten Slip & Båtbyggeri i 1997, fabrikktrålaren «Tokatu» bygdav Simek AS i Flekkefjord i 2018. Under bygging i Spania er forskningsfartøyet «Kaharoa II»

Publisert: 03.11.2023 11:53

Sist oppdatert: 03.11.2023 11:53

Mer om