– Vi investerer som om Norge er eit forstadsprosjekt rundt Oslo. Det er ei feilslutning som svekkjer både beredskap og verdiskaping langs kysten. Realiteten er at det er kysten som gjer oss økonomisk og sikkerheitspolitisk relevante. Den viktigaste transportåra i Noreg går langs kysten – og der ligg også den største sårbarheita, seier Elisabeth Hatlenes, som leier innsatsgruppa i ei pressemelding.
Frå sjøfarten kjem eit samla krav: 30.000 sjøfolk, 3600 fartøy og 300 reiarlag har sendt brev til regjeringa og Stortinget om at bygginga av Stad skipstunnel ikkje kan utsetjast lenger. Stad er det einaste havstykket som kan sikrast, samstundes som det er det som er desidert mest utsatt vêrmessig, heiter det i pressemeldinga.
Bellona-sjef Sveinung Rotevatn har tidlegare støtta bygging av tunnelen som eit tiltak som reduserer utslepp frå skipsfarten og Bellona skal også vere til stades på møtet.
Publisert: 22.04.2026 15:42
Sist oppdatert: 22.04.2026 15:42






