Stad Skipstunnel var første tema på Maritim Forum sitt årlege næringspolitiske arrangement, Ocean Summit torsdag.
– Kvart tiltak som gjer det enklare og tryggare for folk, og ikkje minst gods, vil eg meine er eit godt miljøtiltak, sa dagleg leiar Sveinung Rotevatn i miljøorganisasjon Bellona i si innleing på arrangementet.
Han meiner det er eit paradoks at det einaste store samferdselsprosjektet som vil bidra til til ei overføring av gods frå veg til sjø, er det einaste som møter motbør og skal stoppast.
Hans forklaring på motstanden mot skipstunnelen er enkel. For dei aller fleste er det lett å forstå nytten av ein vegtunnel, medan få kjenner betydninga av ferdsel på sjøen.
Pendling og hotellbesøk
Anja Halsebakk, som leier Halsebakk-familien si satsing på hotell og reiseliv på Sandsøya i Sande, vil også ha skipstunnel.
Ein tunnel vil gi meir trafikk til hotellet, etter hennar vurdering. Grunnen er mellom anna at mange fritidsbåtturistar no snur i Måløy fordi dei ikkje tek sjansen på passere Stadlandet dersom vêret blir tøft. Ho meiner dei vil kome til Sandsøya om dei har tunnelen å ty til.
I tillegg vil tunnelen gjere det råd å trafikkere Bergen-Ålesund/Molde med hurtigbåt.
Eit slikt hurtigbåtsamband med stopp på Sandsøya vil det gjere det råd å dagpendle til Ålesund. Det er nettopp sjansen til å arbeide i Ålesund, og samstundes bu på Sandsøya som vil vere avgjerande for fleire med flytteplanar, ifølgje Halsebakk.
Endeleg anbod
Regjeringa varsla i statssbudsjettet for 2026 at den ville skrinlegge skiptunnelen, fordi dei meiner prosjektet blir for dyrt.
Fleirtalet på Stortinget tvinga gjennom av Kystverket skulle forhandle med dei tre tilbydarane som vil konkurrere om å bygge tunnelen for å sjø om det gjekk an å redusere prisen.
Det har Kystverket gjort, og fredag skal Kystverket overlevere det endelege anbodet til regjeringa.
Rimlegare
Prislappen for å bygge Stad skipstunnel kan bli betydeleg rimelegare enn tidlegare opplyst.
Det kom fram då prosjektleiar Harald Inge Johnsen i Kystverket haldt sitt innlegg under eit kunnskapsmøte om Stad Skipstunnel i Ålesund i starten av februar i år.
– Det blir nokre hundre millionar kroner rimelegare, og vi håpar styringsramma eksklusiv moms kjem ned mot seks milliardar kroner, sa Johnsen.
Han ville ikkje gå meir i detalj då Nett No bad han utdjupe tala, men han viste til at styringsramma som Kystverket opplyste til departementet i fjor, var på 8,3 milliardar kroner – inkludert moms.
Publisert: 05.03.2026 13:22
Sist oppdatert: 06.03.2026 09:24






