Skisenter snudde minus til pluss
Opptur etter tre år med underskot. Må vente på meir snø i år.
Volda skisenter leverte igjen eit rekneskap i pluss etter fjorårssesongen. Det viser rekneskapen som no er offentleg frå Brønnøysundregistera.
Etter tre år med underskot, kan skisenteret glede seg over eit overskot på 116.000 kroner før skatt.
Omsetninga gjekk litt opp frå året før, og enda på knappe 2,5 millionar kroner. Skisenteret har avvikande rekneskapsår og tala gjeld for 2022/2023-sesongen.
Ventar på meir snø
Torgeir Bratteberg er styreleiar for skisenteret, og fortel er at dei framleis treng meir snø før dei kan opne for årets sesong. Senteret har ikkje snøkanonar og er difor avhengig av natursnø.
– Vi hadde håpt å kunne starte sesongen no snart, men vi kan ikkje gjere anna enn å vente til det kjem meir snø, seier han til NETT NO.
Drifta i Volda Skisenter er dugnadsbasert og dei største eigarane er Volda Turn og Idrettslag (26,47 prosent) og Volda Kommune (25 prosent).
Investert i skiutleige
Samtidig som fjoråret ga første plussresultat på nokre år, fortel Bratteberg at dei investerte betydeleg i nytt skiutstyr og bookingsystem for utleige i førre sesong.
– Mellom anna har vi investert i ganske mykje randonee-utstyr. Vi har også gratis skiutleige for barn opp til og med ti år. Dette er takka vere støtta på 300.000 kroner frå Sparebank 1 sine Drivkraft-midlar, seier Bratteberg.
Eigenkapitalen i selskapet var ved utløpet av rekneskapsåret på 3,6 millionar. Langsiktig gjeld var på drygt 4,4 millionar kroner, viser årsrapporten.
Les også
Publisert: 11.12.2023 12:02
Sist oppdatert: 11.12.2023 12:02