Volda skisenter - Foto: Volda skisenter
USTABILT: Varierande snøforhold gjer at inntektene til Volda Skisenter kan svinge mykje frå sesong til sesong.Foto: Volda Skisenter
Nytt

Dårleg sesong i Volda

Tredje år på rad med underskot.

14.04.2023

Medan det eine skisenteret i Volda kommune, Hornindal Skisenter, auka inntektene i sesongen 2021/2022 gjekk det motsett veg for Volda Skisenter.

Inntektene fall med ein halv million kroner (sjå tabell). Selskapet har avvikande rekneskapsår og tala i tabellen under viser korleis det gjekk i skisesongen 2021/2022. Sesongen blei den tredje på rad med minus, og det samla underskotet for dei tre sesongane er på 1,6 millionar kroner.

Underskota har tæra på eigenkapitalen, som ved utgangen av rekneskapsåret 2021/2022 var på 3,5 millionar kroner.

Volda Skisenter er i hovudsak eit dugnadsbasert selskap, med Volda Turn og Idrettslag (26,47 prosent) og Volda Kommune (25 prosent).

I tillegg til Hornindal Skisenter, har også Stryn Vinterskip og Harpefossen Skisenter rapportert om auka driftsinntekter frå 2020/2021 til 2021/2022-sesongen.

Stryn Vinterski og Harpefossen hadde minusresultat i 2021/2022-sesongen, medan Horningdal Skisenter kunne rapportere eit lite overskot.,

Volda Skisenter as
Tal i mill. kroner20222021
Driftsinntekt2,32,8

Driftsresultat

-0,5-0,1

Resultat før skatt

-0,6-0,2

Publisert: 14.04.2023 11:03

Sist oppdatert: 14.04.2023 12:15

Mer om