Skogstad avtale med Kystruten
MØNSTRAR PÅ: Henning Skogstad i Skogstad Sport har signerte ein avtale som i følgje partane utgjer "eit betydleg volum", for klesprodusenten i Innvik når dei fire Havila Kystruten-skipa kjem i full drift. 
Nytt

Skogstad-avtale med Kystruten

Klesprodusenten i Innvik får utsal i Kystruten-skipa.

29.12.2020
Skogstad Sport skal levere vind- og vasstette ytterkle i tillegg til isolerande mellomlag og hanskar, hue og t-skjorter. Kleda vert henta frå Skogstad sin faste kolleksjon i tillegg til at enkelte plagg er tilpassa Havila Kystruten med logo, fargeval og eigne namn, skriv selskapa i ei pressemelding. Plagga skal seljast i Havila Kystruten sine butikkar ombord.
Skogstad Sport får plagga sine produsert i Kina, men hovudkontor og distribusjonssentralen ligg i Innvik i Nordfjord.
Selskapet er eigd av Fri Stil as, som er eigd av familien Skogstad, med Henning Skogstad som dagleg leiar. Konsernet omfattar også eigen butikkar og netthandel.

I 2019 hadde Fri Stil-konsernet 128 millionar kroner i driftsinntekter og eit resultat før skatt på 2,6 millionar kroner.
Havila Kystruten er eigd av Sævik-familiens holdingselskap Havila Holding. Selskapet skal trafikkere passasjer- og godstrafikkruta Bergen-Kirkenes med fire skip medan konkurrenten Hurtigruten skal drive dei sju andre. Skipa skal etter planen gå i trafikk frå starten av 2021. Dei forseinka frå verftet i Tyrkia, men reiarlaget har fått utsett frist med å starte segling av smittevernomsyn og redusert etterspørsel på grunn av koronaepidemien.

Publisert: 29.12.2020 10:06

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:10