Stryn vinterski foto Stryn vinterski
SNØMANGEL: Lite snø gav i inntektsfall også for Stryn Vintersesong i førre sesong. Foto: Stryn Vinterski
Nytt

Skral sesong i Stryn

Med unntak av koronaåret 2020 har ikkje Stryn Vinterski hatt lågare inntekt på over ti år.

06.01.2026

Som alle skisenter på Nordvestlandet vart Stryn Vinterski råka av den elendige snøvinteren 2024/2025, der dei fleste skisentra berre fekk få dagars drift.

Selskapet sitt rekneskap følgjer skisesongen og ikkje kalenderåret. Tala for 2024/2025 viser eit inntektsfall frå 3,7 til 2,2 millionar kroner og eit underskot på 0,7 millionar kroner (sjå tabell under).

Bortsett frå koronaåret 2020 har ikke skisenteret hatt lågare inntekter sidan kriseåret 2014.

Stryn Vinterski driv skitrekket i hytteområdet nord for Stryn Sentrum. Stryn Idrettslag eig 90,22 prosent av aksjane.

Tæra på eigenkapitalen
Underskotet i 2024/2025-sesongen reduserte eigenkapitalen frå fire til 3,3 millionar kroner.

Selskapet hadde ei gjeld på 3,8 millionar kroner ved utløpet av rekneskapsåret. 2,8 millionar var langsiktig gjeld.

Frå og med 2015 har resultat før skatt svinga mellom 0,7 million kroner i minus, og 648.000 kroner i pluss.

Stryn Vinterski AS  
Tal i mill. kroner20242023
Driftsinntekt2,23,7
Driftsresultat-0,50,2
Resultat før skatt-0,70,1

Publisert: 06.01.2026 09:13

Sist oppdatert: 06.01.2026 11:21

Mer om