Njål sævik nor shipping 2022 foto kjetil 11
AUKA INNTEKTER: Den siste kvartalsrapporten frå Havila Shipping-sjef Njål Sævik viser 51 prosent auke i driftsinntektene frå 2021 til 2022. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Skriv opp skipsverdiane...

...og aukar gjelda.

28.02.2023

Havila Shipping hadde ein flåteutnyttelse på 89 prosent i fjerde kvartal og auka driftsinntektene med 19 prosent. Frå 2021 til 2022 auka driftsinntektene 51 prosent.

Betringa i marknaden gjer at offshorereiarlaget skriv opp verdien av skipa sine med 226 millionar kroner.

Les børsmelding her

Auka gjelda
Havila Shipping har ein avtale med bankane som regulerer gjelda med innteninga. Når innteninga aukar (og gir grunnlag for å skrive opp verdien av flåten) aukar også gjelda.

Det er ein del av forklaringa på at reiarlaget har eit minusresultat før skatt i 4. kvartal i fjor (sjå tabell), trass i oppskrivingane.

I tillegg har reiarlaget ein negativ rekneskapsmessig effekt i 4. kvartal 2022 av salet av Havila Phoenix.

Skipet blei avtalt seld i fjor, men overlevert i januar i år. Den negativ effekten blir reversert i 1. kvartal i år.

Ved årsskiftet dreiv Havila Shipping 17 offshorefartøy, seks av dei for andre eigarar.

Så langt i år har aksjekursen i Havila Shipping stige 37 prosent. I siste 12-månadersperiode har aksjekursen gått opp 369 prosent.

Havila Shipping ASA

Pr. 4. kvartal. I mill. kroner

20222021
Driftsinntekt

824,4

545,6
Driftsresultat439,7191,8
Resultat før skatt-111,865,8
Havila Shipping ASA
4. kvartal. I mill. kroner20222021
Driftsinntekt171,9144,9
Driftsresultat238,7248,9
Resultat før skatt-80,5237,0

Publisert: 28.02.2023 15:41

Sist oppdatert: 28.02.2023 15:51

Mer om