Børsdagen: Nedtur etter skipssal
Lågaste notering på tre månader for Havila Shipping. Sjå børstabell for Nordvestlandet.
Sjå børstabell for Nordvestlandet under saka
Havila Shipping-aksjen var mellom taparane av selskapa frå Nordvestlandet måndag.Ved slutten av dagen var fallet på 6,38 prosent til 12,92 kroner aksjen.
Det skjer trass i at oljeprisen var opp med kring fem prosent i løpet at dagen – ei utvikling som gjerne «smittar» over på reiarlag i oljeservice.
Når det ikkje var tilfelle måndag, har det truleg å gjere med at investorane ikkje likte at Herøy-reiarlaget vart nøydd til å selje Havila Phoenix. Vel å merke fekk også Golden Energy Offshore, og fleire andre reiarlag eit fall på børsen måndag.
Andre som fall tungt av selskapa frå Nordvestlandet, var lakseoppdrettarane i Atlantic Sapphire. Aksjen fall 5,49 prosent til 18,75 kroner.
Statt Torsk var mellom dei få lyspunkta på Oslo børs sett frå regionen sin side. Aksjen steig 2,80 prosent til 2,2 kroner.
Les også
Følgjer av refinansieringa
I ei børsmelding opplyste Havila Shipping at salet av Havila Phoenix skjer etter pålegg frå långivarane, i tråd med prinsippa som blei nedfelt i refinansieringa reiarlaget har vore gjennom.
Subseaskipet fekk i mars ein avtale Nexans Norway om utleige til ut oktober, med opsjon på forlenging i inntil 60 dagar.
Salet av skipet skal gjennomførast etter at oppdraget for Nexans er avslutta. Etter at fartøyet er seld skal det drivaste vidare av Havila Shipping på ein managementavtale, men då med andre eigarar.
Store svingingar
Havila Shipping-aksjen har vore gjennom store svingingar sidan i vår
med ein kurs på kring seks kroner i mai – til toppnoteringa på 28,7
kroner per aksje den 10. juni.
Den siste veka har trenden til aksjen vore nedadgåande, men så seint som i slutten av august var aksjen oppe i meir enn 17 kroner.
Børstabell for selskap frå Nordvestlandet:
Selskap | Kurs i kroner | Endring i dag | |
Statt Torsk | 2,2 | 2,80 % | |
Salmon Evolution | 8,55 | 1,79 % | |
Havila Kystruten | 17,7 | 0,85 % | |
Hav Group | 12,78 | 0,16 % | |
Arctic Bioscience | 13,8 | 0,00 % | |
Sparebanken Møre | 72,12 | -1,21 % | |
Hexagon Purus | 23,52 | -1,59 % | |
Hofseth Biocare | 3,39 | -1,74 % | |
Nortel | 21,4 | -2,73 % | |
Hexagon Composites | 26,86 | -2,75 % | |
Endúr | 28,49 | -3,78 % | |
Havyard Group | 3,695 | -4,15 % | |
Golden Energy Offshore Services | 1,985 | -5,48 % | |
Atlantic Sapphire | 18,75 | -5,49 % | |
Norva24 Group * (ikkje avslutta) | 30,93 | -5,89 % | |
Havila Shipping | 12,92 | -6,38 % | | |
*I svenske kroner - selskapet er registert på Stockholms-børsen. |
Publisert: 05.09.2022 16:20
Sist oppdatert: 05.09.2022 16:48