Skuffa Fjord1 aksjonaerar
FJORD1: Adm. dir. Dagfinn Neteland (t.h.) i Fjord1 visste ikkje noko om planane til Sævik-familien om å overta full kontroll i selskapet. Her saman med  styreleiar Vegard Sævik (t.v)  i Fjord1 under ferjedåp på Magerholm.
Nytt

Skuffa Fjord1-aksjonærar

Frederik Wilhelm Mohn trekker seg frå styret.

11.12.2019
Fjord1 opplyser i ei børsmelding onsdag at Frederik Wilhelm Mohn trekker seg frå styret med umiddelbar virkning.
Frederik Wilhelm Mohn er son til mangemilliardær Trond Mohn, som gjennom selskapet Perestroika har vore nest største aksjonær i Fjord1 med 7,76 prosent av aksjane.

Amerikansk partner

Mohn trekker seg dagen etter at Fjord1 opplyste at hovudaksjonær Havila kjøpte aksjar for 675 millionar kroner og tok kontrollen med 66,5 prosent av aksjane i transportselskapet.
Samstundes vart det opplyst at Havila hadde inngått partnerskap med amerikanske Vision Ridge Partners, og at dei i fellesskap kontrollerer 70,35 prosent av aksjane i Fjord1.
Dei to planlegg å leggje Havila Kystruten inn som ein del av Fjord1, eit selskap som i dag er 100 prosent av Sævik-familien.

Ingen visste

Aksjekjøpet vart gjort etter børsslutt måndag eter ein såkalla omvendt bokbyggingsprosess.
Aksjane vart kjøpt til ein kurs på 45 kroner, noko som prisa heile selskapet til 4,5 milliardar kroner.
Kjøpet utløyste ikkje plikt til å gi same tilbod til resten av aksjonærane, noko som vert ivrig diskutert på ulike børsforum, med påstander om at småaksjonærane ikkje vert rettferdig behandla.
Aksjekursen ligg onsdag på rundt 37 kroner aksjen, åtte kroner lavare enn det Havila kjøpte for.
Ifølgje var det ingen av dei øvrige aksjonærane som visste om planane, ei heller dagleg leiar Dagfinn Neteland i Fjord1

Meiner verdiane er høgare

Mohn seier til Dagens Næringsliv at Perestroika ikkje har seld sin aksjepost ettersom dei meiner at dei relle verdiane er langt høgare.
På spørsmål om styreavgangen har samanheng med at Sævik tok kontroll, og ikkje informerte sine medaksjonærar, seier Mohn at alle aksjonærar må likebehandlast.
Landkreditt Utbytte - åttande største eier i Fjord1 med i underkant av to prosent andel - er eit fond som jaktar på selskap med stabile utbytte.
"Vi liker forutsigbarhet. Det som skjedde mandag, var på kontoen for det uforutsigbare, og ikke det vi ønsket eller ventet oss fra Fjord1", seier Landkreditts investeringsdirektør Sigurd Klev til Dagens Næringsliv.

- Høyrde ikkje heime i styret

Til DN seier styreleiar Vegard Sævik at han er glad for at Mohn vil vere med vidare som aksjonær.
– Folk står fritt til å velje om dei vil sitje i styret eller ikkje. Så får vi ta til etterretning at han vel å gå av.
Sævik avviser at informasjonen i styrerommet har vore for dårleg.
- Det er ikkje alle strategiske planar som høyrer heime i eit styrerom. Korleis Havila disponerer sine aksjonærverdiar, høyrer ikkje heime der.
- Det har vi diskutert med andre, seier Vegard Sævik til DN.

Det er ikkje alle strategiske planar som høyrer heime i eit styrerom

Publisert: 11.12.2019 11:16

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:47