Det seier direktør Hans Sande i Norsk Sjøoffisersforbund.
Han åtvarar Statoil mot å presse offshorereiarar så langt at det vert slutt på norske sjøfolk i offshore.
- Eg likar slett ikkje det eg ser der Statoil berre er opptatt av å kutte kostnader, utan samstundes å ta eit samfunnsansvar.
- Statoil framstår i dag som ein rein finansinstitusjon, der ein har gått langt vekk frå det å vere ein spydspiss i norsk industri- og teknologiutvikling.
Hans Sande seier at han har påpeika dette overfor både Statoil-leiinga og norske styresmakter.
- Så langt snakkar vi for døve øyrer.
- Vi ser ein auklande tendens til utfagging og til å erstatte norske sjøfolk med utanlandske sjøfolk. Dette gjeld også for fartøy som opererer i Nordsjøen.
- Vi likar slett ikkje utviklinga, og Norge som nasjon vil tape mykje på om norske sjøfolk i Nordsjøen skal erstattast med utanlandske sjøfolk.
Også under finanskrisa på slutten av 1980-talet vart norske skip flagga ut og norske sjøfolk erstatta med billegare arbeidskraft. Heile 14.000 norske sjøfolk gjekk på land.
- Erfaringa frå den tida viser at utanlandske sjøfolk ikkje på nytt vert utskifta med norske når tidene betrar seg.
- Difor er det også viktig at vi bremsar den negative utviklinga no, og der må også Statoil bidra.
- For det første veit mange ordførarar ikkje kor mange sjøfolk som finst i kommunen, og kor mykje verdiskaping dei bidreg med.
- For det andre trur mange at det er krav om norske løns- og arbeidsforhold i Nordsjøen. Det er det ikkje, og ei heller for fraktefartøy som går i fart mellom norske hamner.
- Vi vil at dette skal gjelde alt arbeid i Nordsjøen og i forbindelse med trafikk mellom norske hamner.
- Vi må kunne leve og bu i Norge med den løna vi tener ved å segle på kysten og i Nordsjøen.
Ein fersk britisk rapport slår fast at det fram at det akutt mangel på nye skipsoffiserar, og at det er eit behov for 145.000 nye offiserar i verdas skipsflåte fram til 2020.
I 2013 var det rundt 100.000 norske sjøfolk fordelte på rundt 1.500 skip der 1/3-del av skipa hadde norsk flagg.
Heile 49 prosent av sjøfolka jobba på offshorefartøy, og ni prosent jobba på rigg, medan 14 prosent jobba på ferje og i lokalfart, medan 10 prosent jobba på passasjerfartøy.
Det var spesielt offshoreselskapa som jakta nye sjøfolk, og den største bekymringa var mangel på kompetanse.
- Vi må ikkje sjå oss blinde på dagens situasjon. Det vert garantert ein ny oppgang innanfor offshore og rigg. Oljealderen er slett ikkje over.
- I tillegg trengst det sjøfolk innanfor oppdrett.
- Vi er inne i ei avgjerande tid for framtida for norske sjøfolk, og treng drahjelp både frå myndigheiter og Statoil.
Han seier at i dagens situasjon er det nokså meiningslaust at Statoil deler ut store utbyte til staten, som største eigar.
- Statoil burde bruke midlar til å styrke leiteaktivitet, vedlikehald og plugging. Dette er ting som må gjerast og det har aldri vore billigare enn no.
- Dei snakkar om å spare, men ein kan også spare seg til fant.
Han åtvarar Statoil mot å presse offshorereiarar så langt at det vert slutt på norske sjøfolk i offshore.
- Eg likar slett ikkje det eg ser der Statoil berre er opptatt av å kutte kostnader, utan samstundes å ta eit samfunnsansvar.
- Statoil framstår i dag som ein rein finansinstitusjon, der ein har gått langt vekk frå det å vere ein spydspiss i norsk industri- og teknologiutvikling.
Hans Sande seier at han har påpeika dette overfor både Statoil-leiinga og norske styresmakter.
- Så langt snakkar vi for døve øyrer.
Ser meir utflagging
Sande er bekymra for konsekvensane av offshorenedturen, med eit hundretals skip i opplag og over eit tusen sjøfolk oppsagt eller permittert.- Vi ser ein auklande tendens til utfagging og til å erstatte norske sjøfolk med utanlandske sjøfolk. Dette gjeld også for fartøy som opererer i Nordsjøen.
- Vi likar slett ikkje utviklinga, og Norge som nasjon vil tape mykje på om norske sjøfolk i Nordsjøen skal erstattast med utanlandske sjøfolk.
Også under finanskrisa på slutten av 1980-talet vart norske skip flagga ut og norske sjøfolk erstatta med billegare arbeidskraft. Heile 14.000 norske sjøfolk gjekk på land.
- Erfaringa frå den tida viser at utanlandske sjøfolk ikkje på nytt vert utskifta med norske når tidene betrar seg.
- Difor er det også viktig at vi bremsar den negative utviklinga no, og der må også Statoil bidra.
Kursar ordførarar
Saman med dei andre sjømannsorganisasjonane reiser Hans Sande no rundt til landets ordførarar for å slå eit slag for norske sjøfolk.- For det første veit mange ordførarar ikkje kor mange sjøfolk som finst i kommunen, og kor mykje verdiskaping dei bidreg med.
- For det andre trur mange at det er krav om norske løns- og arbeidsforhold i Nordsjøen. Det er det ikkje, og ei heller for fraktefartøy som går i fart mellom norske hamner.
- Vi vil at dette skal gjelde alt arbeid i Nordsjøen og i forbindelse med trafikk mellom norske hamner.
- Vi må kunne leve og bu i Norge med den løna vi tener ved å segle på kysten og i Nordsjøen.
Ein fersk britisk rapport slår fast at det fram at det akutt mangel på nye skipsoffiserar, og at det er eit behov for 145.000 nye offiserar i verdas skipsflåte fram til 2020.
Snudd på hovudet
I Fafo-rapporten ‘Det gamle landet og havet’ frå 2013 vart det fastslått at ein hadde tilsvarande utfordringar i Norge. Då varsla reiarlaga at dei hadde behov for nesten 10.000 nye sjøfolk fram til 2020.I 2013 var det rundt 100.000 norske sjøfolk fordelte på rundt 1.500 skip der 1/3-del av skipa hadde norsk flagg.
Heile 49 prosent av sjøfolka jobba på offshorefartøy, og ni prosent jobba på rigg, medan 14 prosent jobba på ferje og i lokalfart, medan 10 prosent jobba på passasjerfartøy.
Det var spesielt offshoreselskapa som jakta nye sjøfolk, og den største bekymringa var mangel på kompetanse.
- Vert ny oppgang
Situasjonen er snudd på hovudet tre år seinare, men Hans Sande meiner at det på nytt vil snu igjen.- Vi må ikkje sjå oss blinde på dagens situasjon. Det vert garantert ein ny oppgang innanfor offshore og rigg. Oljealderen er slett ikkje over.
- I tillegg trengst det sjøfolk innanfor oppdrett.
- Meiningslaust utbyte
Sande etterlyser større engasjement frå myndigheitene.- Vi er inne i ei avgjerande tid for framtida for norske sjøfolk, og treng drahjelp både frå myndigheiter og Statoil.
Han seier at i dagens situasjon er det nokså meiningslaust at Statoil deler ut store utbyte til staten, som største eigar.
- Statoil burde bruke midlar til å styrke leiteaktivitet, vedlikehald og plugging. Dette er ting som må gjerast og det har aldri vore billigare enn no.
- Dei snakkar om å spare, men ein kan også spare seg til fant.
Statoil burde bruke midlar til å styrke leiteaktivitet, vedlikehald og plugging
Publisert: 20.05.2016 11:45
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:57