Skutvika Flyfoto 2 Ill Ålesundregionens Havnevesen
SLIK KAN DET BLI: Der det inntil nyleg var containarar kan det blir 500 bustadar ved Skutvika på Aspøya. Illustrasjon: Ålesundregionen Havnevesen
Nytt

Skutvika-sal etter skjema

Hamnevesenet vil leige ut til lager medan det ventar på kjøpar.

18.09.2025

I vår sende DNB Næringsmegling ut prospektet for Skutvika-området på Aspøya i Ålesund til moglege kjøparar, med håp om å vere i mål til sommaren.

Containerhamna er flytta til Flatholmen ved Ellingsøyfjorden og Ålesundregionen Havnevesen vil selje det omlag 50 mål store området, der det kan vere plass til 500 bustader.

I prospektet vart det invitert til ei opa bodrunde med frist 14. mai. Målet var oppgjer og overtaking i juni/juli.

– Det er ikkje mange plassar ein får moglegheit til å utvikle eit slikt område. Her er tilgang til sjøen og området opnar opp byen mot sør, sa John Edvin Arnstad som er direktør Midt-Norge/Nord i DNB Næringsmegling til Nett No i april i år.

– Forsiktig stemning i markedet
Men det har ikkje gått så kjapt med salet som eigedomsmeklaren hadde håpa på.

«Det er dialog mellom megler og flere aktuelle investorer. Men det er forsiktig stemning i markedet, så det vil nok ta noe tid», skriv hamnefogd Ole Christian Fiskaa i ei tekstmelding til Nett No.

Hamnevesenet kjem til å leige ut lagerplass på korte kontraktar for å sikre noko inntekt undervegs, fortel Fiskaa. 

I tillegg må kaiene i Skutvika vere tilgjenglege for fiskeflåten inntil utfyllinga og utbygginga av Sjøgata er ferdig og kan takast i bruk av fiskeflåten igjen.

Skutvika oversikt mot ost foto DNB Naeringsmegling
STORE AREAL: DNB Næringsmegling er engasjert for å selge Skutvika-tomta på vegner av Ålesundregionens havnevesen. Dei håpte på eit sal av det kring 50 mål store området før sommaren. Foto: DNB Næringsmegling

Hellebroa-problemet
Då Nett No skreiv om salprospektet og utbyggingsplanene i april i år peika næringsmeklar Odd-Arild Støbakk Sæther i Eiendomsmegler 1 på at planane for bygging av tunnel under Brosundet førebels er uavklart. I dag ligg Hellebroa som ein flaskehals for køyretøy og folk som ferdast til fots mellom bydelane.

Han var skeptisk til meir trafikk til ytre bydel, utan at denne utfordringa er løyst. 

– Skal vi utvikle eit sentrum med masse bustader, må vi starte i rett ende og avklare utfordringane på samferdselsida, sa Støbakk Sæther.

Nett No har ikkje lukkast i å få kontakt med John Edvin Arnstad i DNB Næringsmegling for ein kommentar. 

Publisert: 18.09.2025 05:00

Sist oppdatert: 17.09.2025 19:55

Mer om