Skaar Senior byggjer hos Stadyard
AVTALE PÅ PLASS: Trond Kongshaug og Agnar Lyng frå Stadyard, Roy Skår frå Skår Senior og prosjektleiar Jarl-Åge Vågsholm i Marinteknikk. Den nyutvikla båten blri bygg nummer 46 frå Stadyard og skal leverast frå verftet i desember 2021.
Nytt

Skår Senior byggjer hos Stadyard

Stadyard skal bygge ny fiskebåt for Herøy-reiarlaget Skår Senior.

15.12.2019
Det kombinerte ringnot- og trålfartyet skal leverast i desember 2021 og erstattar reiarlaget sitt farty MS Jøkul.
Båten blir 48,3 meter lang og 12 meter brei, får innreiing for 10 personar og lett is-klasse i følgje ei pressemelding.
Skipsdesignselskapet som er bygd for å fiske etter sild, makrell og lodde i Barentshavet, Norskehavet og Nordsjøen.
Partane har ikkje opplyst prisen.

Plass til fabrikk ombord

Skipet blir også forberedt for å kunne sette inn ein mindre fabrikk for å bearbeide fisk. Per i dag er det ikkje aktuelt, men reiarlaget vil sikre seg at der er plass til ein eventuell fabrikk dersom det på eit seinare tidspunkt skulle bestemme seg for å kjøpe kvote som gir rett til å fiske kvitfiske - som er torsk og liknande fiskeslag) i følgje Roy Skår i Skår Senior.
Fleire bedrifter på Nordvestlandet blir underleverandørar til den nye båten, blant dei Brunvoll Volda (framdriftsystem) og MMC First Process (RSW system og fiskehandteringsutstyr).

Seld og leigd tilbake

MS Jøkul, som den nye båten skal erstatte, blei seld til fiskebåtreiarlaget Nybonia i Midsund i oktober, i følgje Skår.
Inntil den nye båten blir levert i deember 2021 leiger Skår Senior attende for å fiske sine kvoter, medan Nybonina brukar den resten av tida.
Skår Senior AS er eigd av søskena Roy Skår og Janita Skår som saman eig 90 prosent i reiaralaget. Søskenbarnet Jan-Arve Drabløs eig 10 prosent.

Les meir:



Publisert: 15.12.2019 15:26

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:47