Fiskarane kan spare millionar på å lære av dei flinkaste i klassen. Det viser statistikk som ingeniørkonsulent-selskapet Cowi har samla inn.
Cowi har studert drivstofforbruket i alle fartygrupper over fleire år, og statistikken viser det same over heile fjøla - dei beste brukar langt mindre drivstoff pr. kilo fisk enn gjennomsnittet.
Hos ein typisk trålar er skilnaden i kroner om lag den same mellom dei mest energieffektive og gjennomsnittet, i følgje John Ivar Jenssen i Cowi.
Jenssen deltek på fiskeriteknologikonferansen FishTech i Ålesund i dag, onsdag 15. januar.
Det kostar å ha det travelt, men trøysta er at det ikkje trengst å investerast ei einanste krone for å kutte dette unødvendige drivstofforbruket.
- Dei veit kva dei kan gjere, men det kan vere vanskeleg å gjennomføre, seier han.
Problemet kan mellom anna vere mangel på kapasitet i organisasjonen, og at det kan vere tungt å få alle ombord på båtane til å trekkje i same retning.
Cowi har studert drivstofforbruket i alle fartygrupper over fleire år, og statistikken viser det same over heile fjøla - dei beste brukar langt mindre drivstoff pr. kilo fisk enn gjennomsnittet.
2,5 millionar bortkasta
Ein gjennomsnittleg ringnotbåt brukar drivstoff for rundt 2,5 millionar kroner meir i året enn dei mest effektive kollegane, utan at det blir meir fisk ut av det.Hos ein typisk trålar er skilnaden i kroner om lag den same mellom dei mest energieffektive og gjennomsnittet, i følgje John Ivar Jenssen i Cowi.
Jenssen deltek på fiskeriteknologikonferansen FishTech i Ålesund i dag, onsdag 15. januar.
Små investeringar
Farta til, frå og mellom fiskefelta er den klart viktigaste årsaka til det store spriket i energiforbruk fiskebåtane mellom. Jenssen meiner rundt ein tredjepart av skilnadane i energiforbruket båtane i mellom skuldast feil fart.Det kostar å ha det travelt, men trøysta er at det ikkje trengst å investerast ei einanste krone for å kutte dette unødvendige drivstofforbruket.
Vanskleg å snu
Jenssen seier energisparing i fiskeflåten handlar mykje om haldningar og gjennomføringsevne. Han trur eigarane av fiskebåtane gjerne vil, men får det ikkje til.- Dei veit kva dei kan gjere, men det kan vere vanskeleg å gjennomføre, seier han.
Problemet kan mellom anna vere mangel på kapasitet i organisasjonen, og at det kan vere tungt å få alle ombord på båtane til å trekkje i same retning.
Dei veit kva dei kan gjere, men det kan vere vanskeleg å gjennomføre
Publisert: 15.01.2014 18:57
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:30






