Slapp permitteringar, men legg ned på Haugen
Godt resultat for Norgesvinduet Bjørlo, men legg ned dotterselskap etter nytt underskot.
Då NETT No snakka med dagleg leiar Roald Starheim ved Norgesvinduet Bjørlo i fjor vår, var det meste usikkert og industrihøvdingen frykta permitteringar som følgje av koronapandemien.
Slik gjekk det ikkje, og 2020 blei eit godt år for fabrikken som produserer vinduer og dører i tre ved anlegget på Nordfjordeid.
Nær rekordomsetning
Inntektene gjekk opp og året enda med den neste høgaste omsetninga i selskapet si historie (sjå tabell under).
Styret konkluderer i årsrapporten at bedrifta er i ei sunn økonomisk og finansiell stilling, og dei har solid eigenkapital.
Lønnsemda er likevel meir pressa og marknaden er, og vil vere, sterk prega av konkurranse - ikkje minst på grunn av utanlandske aktørar, skriv styret vidare.
Norgesvinduet Bjørlo | ||
Årsresultat (i mill kr) | ||
2020 | 2019 | |
Driftsinntekter | 217,4 | 201,2 |
Driftsresultat | 6,3 | 8,9 |
Res. før skatt | 7,2 | 9,1 |
Sonen har teke over
Koronapandemien som Roald Starheim frykta, har ikkje påverka omsetning og drifta i vesentleg grad. Og det har ikkje vore nødvendig med permitteringar, ifølgje årsrapporten datert 17. februar.
Sonen, Hans-Roger Røed Starheim, tok over som dagleg leiar i løpet av fjoråret, og ved utløpet av året hadde selskapet 110 tilsette.
Styret påpeiker at bedrifta har økonomiske musklar til å møte eventuelle økonomiske konsekvensar som følgje av Covid-19.
Legg ned – tilsette tilbod om ny jobb
Dotterselskapet Bjørlo Haugen har gått med underskot i fleire år, og i haust blei det avgjort at avdelinga blir avvikla.
Produksjonen blir avslutta i løpet av første kvartal i år, og dei tilsette får tilbod om jobb ved systerbedrifta på Nordfjordeid, ifølgje årsrapporten.
Styret vil vurdere og leige ut bygget på Haugen, eller selje det.
Konsernselskapet Beverlo har også produksjon ved ei avdeling i Kocierzyna i Polen, og har til saman kring 165 årsverk, ifølgje årsrapporten. Roald Starheim eig halvparten, og Trude K. Bjørlo er neste største eigar med drygt 20 prosent.
Norgesvinduet Haugen | ||
Årsresultat (i mill kr) | ||
2020 | 2019 | |
Driftsinntekter | 12,6 | 11,8 |
Driftsresultat | -2,9 | -2,3 |
Res. før skatt | -2,9 | -2,3 |
Beverlo AS ( konsern) | ||
Årsresultat (i mill kr) | ||
2020 | 2019 | |
Driftsinntekter | 212,7 | 197,7 |
Driftsresultat | 12,9 | 12,5 |
Res. før skatt | 13,5 | 12,6 |
Publisert: 15.03.2021 05:55
Sist oppdatert: 14.03.2021 13:45