Sjølv om Stig Remøy sjølv går inn med 280 av 400 millionar i det nye selskapet Olympic Subsea, var det heilt avgjerande for å finne ei løysing at selskapet fekk innsprøyting av ytterlegare 120 millionar kroner.
Og desse pengane fann Remøy blant slekt, vener og forretningsforbindelsar.
Gjennom sitt felles selskap Seriana har Huse-familien gått inn med friske pengar.
Hovudaksjonærar er Inge og Paul Huse gjennom selskapet Hiawata, samt Maria Griffin Huse gjennom selskapet Tinkerbell. Desse to selskapa eig kvar 27,29 prosent av Seriana. I tillegg eig Inge Huse og Una Griffin Huse 17,43 prosent gjennom selskapet Largiemore.
- Vår investering er basert på at vi anser Olympic som eit interessant og framtidsretta selskap. Det har sjølvsagt også betydning at ein står overfor eit lokalt selskap innanfor ein bransje som vi kjenner godt, seier Seriana sin representant, Pål Huse, i ei pressemelding frå Olympic.
Medaksjonærar er Richard Gjerde, Myrthle Gjerde og Dagrun Wiik Gjerde.
- Investeringa i Olympic passar godt inn i vår investeringsstrategi. Selskapet representerer ein bransje som vi kjenner godt, og det er sjølvsagt også viktig for oss at det unike maritime miljøet i Norge vert oppretthalde.
Dette seier Svein-Rune Gjerde, dagleg leiar i Marin Group, i pressemeldinga.
Kvalsund har lang fartstid i offshore, både på brua og på land, blant anna i tidlegare Sævik Supply. Han har no arbeidd i Olympic-systemet i lang tid, og var også ein av grunnleggjarane av Olympic Shipping i 1996.
- Vi er tilfreds med at vi fann løysinga her lokalt, gjennom investorar som både kjenner vår virksomhet og marknaden. Dette vil gi arbeidsro og forutsigbarhet i ein turbulent marknad, men det vil også posisjonere selskapet for å ta del i veksten den dagen konjunkturane snur, seier Stig Remøy i pressemeldinga.
Olympic Subsea får ei flåte på elleve skip. Samtlege skip vert kjøpt frå Olympic Ship.
Olympic Subsea vert samstundes det nye morselskapet.
Løysinga inneber samstundes at fire skip vert selde, og åtti sjøfolk sagt opp.
Og desse pengane fann Remøy blant slekt, vener og forretningsforbindelsar.
Kraner og vinsjer
Heilt sentral er Huse-familien på Harøya, familien bak kran- og vinsjeprodusenten I.P Huse. Her har alle eigarane bidratt i spleiselaget.Gjennom sitt felles selskap Seriana har Huse-familien gått inn med friske pengar.
Hovudaksjonærar er Inge og Paul Huse gjennom selskapet Hiawata, samt Maria Griffin Huse gjennom selskapet Tinkerbell. Desse to selskapa eig kvar 27,29 prosent av Seriana. I tillegg eig Inge Huse og Una Griffin Huse 17,43 prosent gjennom selskapet Largiemore.
- Vår investering er basert på at vi anser Olympic som eit interessant og framtidsretta selskap. Det har sjølvsagt også betydning at ein står overfor eit lokalt selskap innanfor ein bransje som vi kjenner godt, seier Seriana sin representant, Pål Huse, i ei pressemelding frå Olympic.
Søskenbarn
I tillegg har Tjørvåg-selskapet Marin Group gått inn med pengar. Marin Group er eigarselskapet til skipsdesignselskapet Marin Teknikk. Hovudeigar er Svein Rune Gjerde med 55 prosent av aksjane. Gjerde er søskenbarn til Stig Remøy.Medaksjonærar er Richard Gjerde, Myrthle Gjerde og Dagrun Wiik Gjerde.
- Investeringa i Olympic passar godt inn i vår investeringsstrategi. Selskapet representerer ein bransje som vi kjenner godt, og det er sjølvsagt også viktig for oss at det unike maritime miljøet i Norge vert oppretthalde.
Dette seier Svein-Rune Gjerde, dagleg leiar i Marin Group, i pressemeldinga.
Olympic-grunnleggjar
I tillegg går Olympic-direktør Bjørn Kvalsund frå Bølandet inn med pengar gjennom sitt selskap Omega Maritime.Kvalsund har lang fartstid i offshore, både på brua og på land, blant anna i tidlegare Sævik Supply. Han har no arbeidd i Olympic-systemet i lang tid, og var også ein av grunnleggjarane av Olympic Shipping i 1996.
- Vi er tilfreds med at vi fann løysinga her lokalt, gjennom investorar som både kjenner vår virksomhet og marknaden. Dette vil gi arbeidsro og forutsigbarhet i ein turbulent marknad, men det vil også posisjonere selskapet for å ta del i veksten den dagen konjunkturane snur, seier Stig Remøy i pressemeldinga.
Verftsbidrag
I tillegg til innskot av frisk kapital, har verfta Vard, Kleven og Ulstein bidratt for å finne løysing, mellom anna ved at betaling av uteståande på 89,5 millionar kroner er utsett til september 2021Olympic Subsea får ei flåte på elleve skip. Samtlege skip vert kjøpt frå Olympic Ship.
Olympic Subsea vert samstundes det nye morselskapet.
Løysinga inneber samstundes at fire skip vert selde, og åtti sjøfolk sagt opp.
Det er sjølvsagt også viktig for oss at det unike maritime miljøet i Norge vert oppretthalde
Publisert: 09.12.2016 12:21
Sist oppdatert: 08.03.2023 12:29