Stranda moebler årets eksportebedrift
VINNER: Salgssjef Odd-Erik Lund (i midten) tok i mot prisen for årets eksportbedrift på vegne av Slettvoll Møbler. Til venstre marknadssjef Ragnhild Grytten og bransjesjef Egil Sundet frå Designindustrien. Foto: Thomas Bjørnflaten / Nye Bilder
Nytt

Slettvoll årets eksportbedrift

Slettvoll Møbler heidra for eksportsuksess etter rekordår i fjor.

25.08.2021

Bransjeforeningen Designindustrien har kåra Slettvoll Møbler til årets eksportbedrift, ifølgje ei pressemelding.

Slettvoll Møbler har fabrikk på Stranda og fleire eigne butikkar.

Eksportandel på 30 prosent
Eksportandelen er på 30 prosent. Kjeda har to butikker i Sverige, og ein i Københaven. Den danske butikken blei åpna i 2019.

– Hos oss er prosessane gjerne lange. Det ligg stor risiko i å etablere oss på ei ny stad og då bør vi helst treffe med både lokasjon, personell, kolleksjon og marknadsføring. Vi har ingen mål om å bli størst, men vi skal vere best der vi er lokalisert, uttalar salssjef Odd-Erik Lund i samband med prisen.

I fjor gjekk eksportprisen til Ekornes.

Rekordår i fjor
Etter at koronaen sette møbelbransjen på pause i fjor vår, kunne Slettvoll-sjef Bjørn-Helge Vik fortelje NETT NO om det beste resultatet til møbelprodusenten nokon gong i fjor.

Fabrikken på Stranda har rekordhøg ordrebok og møbelprodusenten er på jakt etter fleire tilsette.

Ålesund var mellom butikkane som trakk opp 2020-resultatet til Slettvoll-konsernet.

Molde-selskapet Fjord Fiesta fekk klassikarprisen for relanseringa av Scandia-stolen, som møbeldesignar Hans Brattrud teikna i 1957.

Publisert: 25.08.2021 07:34

Sist oppdatert: 25.08.2021 09:17

Mer om