Slik skal A Alesund planlegge klimakutt
FRAMDRIFTSPLAN: Tore Johan Øvstebø seier Ålesund kommune både skal lage klimabudsjett og plan for klima, arealbruk og transport. I tillegg trur han det blir naudsynt med ein eigen plan for korleis mellom anna privat sektor kan bidra til på redusere CO2-utslepp.
Nytt

Slik skal Ålesund planlegge klimakutt

Ein eigen plan for klima, arealbruk og transportorganisering skal hjelpe nye Ålesund kommune til å nå målet om store reduksjonar i utslepp av klimagassar innan 2030.

15.11.2019
Fleirtalskoalisjonen i nye Ålesund har vedtatt eit mål om 68 prosent reduksjon i klimagassutsleppa innan 2030, samanlikna med 2017-nivået.
Det tilsvarar utsleppa frå dagens bilbruk og frå søppelforbrenningsanlegget og frå deler av skipstrafikken - til saman.

Bakgrunnen for vedtaket er vurderinga av at gassar, først og fremst CO2, har ein drivhuseffekt som bidrar til auka temperatur på jorda - ei oppvarming mellom andre Ålesund kommuen skal bidra til å redusere.

Tre steg mot målet

Formannskapsmedlem Tore Johan Øvstebø (Krf) seier det er minst to steg på veg mot målet, truleg tre.
Første steg er eit eige klimabudsjett som skal leggast fram neste haust. Det skal gi ei oversikt over eksisterande utslepp og ei vurdering av effekten av kommunen si drift, innkjøp og eigne investeringar.
- Då vil vi sjå på om drift og investeringar kan gjerast på andre måtar, og om vi må stille strengare miljøkrav i innkjøpspolitikken, seier Øvstebø.

Ny plan

Neste steg er ein plan for klima, arealbruk og transportorganisering, som Øvstebø håpar kan vere ferdig i 2022/2023.
I utgangspunktet er det ein plan for nye Ålesund og nabokommunane Giske og Sula, men Øvstebø håpar at den får ein meir bindande status.
- Vi ønskjer den skal vedtakast på fylkestinget, som regional plan, seier han.

Meir omfattande

Både klimabudsjettet og klima-, arealbruk- og transportorganiseringplanen avgrensar seg til å regulere utviklinga som kommune og fylke har styringa over.
Øvstebø meiner det ikkje er tilstrekkleg skal Ålesund nå måla om utsleppskutt.
- Den planen vil verre ein nøkkel, men det kan vere det blir nødvendig med vidare perspektiv, seier Øvstebø.
Eit vidare perspektiv inneber mellom anna å trekkje inn aktørar i privat sektor og samarbeide med med Offshore Simulation Centre og Ålesund sitt smartby-prosjekt. I samband med behandlinga av klimabudsjettet neste haust bør kommunestyret også vedta å kartlegge korleis også private og andre aktørar skal trekkast inn i arbeidet for å nå utsleppsmåla.

Publisert: 15.11.2019 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:44