Erna solberg landsmøte ami 2021 foto ntb npk
DIGITALT LANDSMØTE: Statsminister Erna Solberg held sin tale under opninga av Høgres digitale landsmøte. Foto: Berit Roald / NTB / NPK
Nytt

Slik vil ho styre Noreg vidare etter koronakrisa

Arbeidsplassar, klima og IT-løft er øvst på prioriteringslista til Erna Solberg si regjering framover.

14.05.2021

(NPK-NTB): Å skape arbeidsplassar er jobb nummer éin, erklærte Høgre-leiar Erna Solberg då ho opna landsmøtet til partiet fredag. Ho vil satse på klima og digitalisering.

Medan fleire andre parti denne våren har trekt fram «vanlege folk», gjorde Solberg eit poeng av å skilje seg ut.

– No skal visst alle helst vere vanlege, innleidd Solberg landsmøtetalen.

– Eg er meir oppteken av å få fram at vi alle er uvanlege. At kvar enkelt er unik, sa ho.

Arbeidsplassar, omstillingsvilje og næringslivsvennleg politikk gjekk som ein blå tråd gjennom Solbergs landsmøtetale.

Sjølv om pandemien framleis er med oss, ville Solberg sjå framover til tida etterpå. Dei kommande tiåra vil den viktigaste utfordringa vere å skape nok nye arbeidsplassar i private bedrifter, understreka ho.

– Og når arbeid er jobb nummer ein, så er det eitt parti som kjenner bedriftene, og som har ein verkeleg næringsvennleg og jobbskapande politikk, og det er Høgre, sa Solberg.

Moglegheiter innan grøne næringar
Ho peika på klima og digitalisering som store satsingsområde.

– Løfta våre om at Noreg skal nå klimamåla våre har ikkje lagt nokon dempar på gründerar og industribyggjarar. Tvert imot, sa ho.

Solberg viste til havsatsing, grøn skipsfart, hydrogen, forsking og utvikling som viktige moglegheitsrom innan eit klimaperspektiv.

Vil ha IT-løft
Digitalisering gir ein enklare kvardag for folk og næringsliv og frigjer ressursar. Kan Noreg òg få til ei satsing på nye arbeidsplassar innan digitalisering, kan det gi oss enorme moglegheiter, framheva Solberg.

– Då blir det vinn-vinn-vinn, sa ho.

I den neste perioden vil Høgre ta initiativ til eit eksportløft for IKT-næringa. Der vil ein sjå korleis offentlege IT-prosjekt kan bidra til auka kompetanse og meir eksport. Eit tilleggspoeng er at dette er jobbar som kan utførast uansett kvar i landet ein bur, påpeika Høgre-leiaren.

Reform av ungdomsskulen
Skule blir ein av Høgres hovudprioriteringar i valkampen. Eit viktig tema på landsmøtet er å ta stilling til ei reform av ungdomsskulen.

Svake ferdigheiter frå ungdomsskulen er lenge vist til som ei av dei viktigaste årsakene til fråfall i vidaregåande opplæring. Reforma tek mål av seg å auke læring, trivsel og motivasjon. Forslaga omfattar mellom anna:

  • Sjå på fagsamansetning på nytt.
  • Innføre obligatorisk yrkesfag som valfag.
  • Oppfølgingsplikt for skulen ved fråvær.
  • Leggje til rette for profilskular.
  • Opne for at elevar kan velje meir praktiske tilnærmingar i matematikk, norsk og engelsk.

Gir ikkje opp rusreforma
Ruspolitikk blir òg eit tema på landsmøtet. Solberg har sjølv sendt inn ei rekkje forslag i samarbeid med den helsepolitiske talsmannen til partiet Sveinung Stensland.

Ho har ikkje gitt opp reforma, sjølv om ho erkjenner at regjeringa ikkje har stortingsfleirtalet med seg.

– Reforma vil komme. Det er eit spørsmål om tid og modning. Når ho kjem, vil ho bli den viktigaste sosiale reforma dette tiåret, sa ho.

(©NPK)

Publisert: 14.05.2021 14:10

Sist oppdatert: 14.05.2021 14:12

Mer om