2019-reknskapen til Kongsberg Maritime CM (commercial marine) blei den siste selskapet la fram. Heretter blir tala frå bedriftene på Longva, i Brattvåg, Ålesund, Hjørungavåg og Ulstein ein del av reknskapen til heile Kongsberg Maritime.
Kongsberg Gruppen - der Kongsberg Maritime er største datterselskap - tok over Rolls-Royce Marine og resten av marinedivisjonen til Rolls-Royce 1. april 2019. Med den overtakinga var det også klart at Kongsberg Maritime CM skulle slåast saman med Kongsberg Maritime.
No skjer det i ein totrinns operasjon, i følgje kunngjeringar i Brønnøysundregistrene.
Først blir eigedomsselskapet Ulstein Holding slått saman med Kongsberg Maritime CM, som i neste omgang blir slått saman med Kongsberg Maritime.
I 2029 hadde Kongsberg Maritime CM eit underskot før skatt på 1,2 milliardar kroner.
I og med at drifta av Kongsberg Maritime langt på veg er samordna og folk jobbar med oppgåver på tvers av selskapa dei formelt sett er tilsette i er ikkje 2019 og 2018-tala heilt samanliknbare. Frå og med i år har Kongsberg Gruppen slutta å rapportere eigne tal kvart kvartal for Kongsberg Maritime CM.
Ordreinngangen til Kongsberg Maritime var på 3,4 milliardar kroner i 3. kvartal 2020, mot 3,3 milliardar i 3. kvartal 2019. Ordrereserven har krympa frå 12,4 til 11,8 milliardar kroner i same periode.
Kongsberg Gruppen - der Kongsberg Maritime er største datterselskap - tok over Rolls-Royce Marine og resten av marinedivisjonen til Rolls-Royce 1. april 2019. Med den overtakinga var det også klart at Kongsberg Maritime CM skulle slåast saman med Kongsberg Maritime.
No skjer det i ein totrinns operasjon, i følgje kunngjeringar i Brønnøysundregistrene.
Først blir eigedomsselskapet Ulstein Holding slått saman med Kongsberg Maritime CM, som i neste omgang blir slått saman med Kongsberg Maritime.
Over 1400 tilsette i 2019
Kongsberg Maritime CM omfattar Kongsberg Gruppen sine verksemder på Nordvestlandet. I fjor sysselsette selskapet 1426 årsverk. Med samanslåinga blir det ikkje lenger rapportert eigne tal for desse verksemdene.I 2029 hadde Kongsberg Maritime CM eit underskot før skatt på 1,2 milliardar kroner.
I og med at drifta av Kongsberg Maritime langt på veg er samordna og folk jobbar med oppgåver på tvers av selskapa dei formelt sett er tilsette i er ikkje 2019 og 2018-tala heilt samanliknbare. Frå og med i år har Kongsberg Gruppen slutta å rapportere eigne tal kvart kvartal for Kongsberg Maritime CM.
Auka lønsemd
Kongsberg Maritime hadde 12 milliardar kroner i driftsinntekter i årets ni første månadar. Driftsresultatet ble 482 millionar kroner. Både driftsinntekter og driftsresultat auka samanlikna med same periode i 2019.Ordreinngangen til Kongsberg Maritime var på 3,4 milliardar kroner i 3. kvartal 2020, mot 3,3 milliardar i 3. kvartal 2019. Ordrereserven har krympa frå 12,4 til 11,8 milliardar kroner i same periode.
Publisert: 10.11.2020 09:02
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:04