Svakare krone gjer at eksportørar får betre betalt sjølv om prisen i utlandet ikkje endra seg. Frå å ligge rundt 10 kroner pr. euro i midten av mars, steig kursen til toppnivået 12,67 kroner per euro 20.mars. Tysdag kveld var kursen 11,31 kroner per euro.
Det slår kraftig ut i eksportverdien. Volumet av eksporterte torskefisk (sei, hyse og torsk), gjekk ned med 4,13 prosent i første kvartal, men verdien gjekk opp 8,26 prosent, i følgje
Den gunstige valutautviklinga meir enn kompenserte for mindre fisk i første kvartal, samanlikna med første kvartal 2019.
I fjor var eksportinntektene frå sei, torsk og hyse til saman 14,4 milliardar kroner.
Hafsås trur koronaeffekten i marknaden vil forsterke seg framover:
"Med koronasituasjonen hengande over oss, der me samtidig må forvente at den forverrar seg ytterlegare, vil det gi utfordringar både for fisket, produksjon, distribusjon/logistikk og sal. Hovudbilete ein truleg likevel må forvente, er redusert kjøpekraft og endra konsummønster ei god stund framover. Dette vil truleg hovudsakeleg slå ut på eksportprisane, og ikkje nødvendigvis i volum", skriv han i analysen.
Det slår kraftig ut i eksportverdien. Volumet av eksporterte torskefisk (sei, hyse og torsk), gjekk ned med 4,13 prosent i første kvartal, men verdien gjekk opp 8,26 prosent, i følgje
Den gunstige valutautviklinga meir enn kompenserte for mindre fisk i første kvartal, samanlikna med første kvartal 2019.
Prisfall i utlandet
I utlandet har prisane gått ned på grunn av koronakrisa. Framover kan ikkje næringa vente at eksportverdien skal få hjelp av ei stadig svakare krone. I 2020 har lågare kvantum blitt kamuflert/kompensert av svakare krone. Det vil truleg endre seg neste år, etter Hafsås si vurdering.I fjor var eksportinntektene frå sei, torsk og hyse til saman 14,4 milliardar kroner.
Sterkare krone
Hafsås trur krona vil styrke seg (som reduserer eksportinntektene målt i norske kroner) frå mars 2020-nivået av fleire grunnar:- Noregs Bank vil støttekjøpe krona for å halde kursen oppe.
- Norges Bank har stimulert lånemarknaden med nye tiltak.
- Noreg lånefinansierer ikkje støttepakkane for å hjelpe næringslivet gjennom koronakrisa, men tek av oljefondet.
- Når koronaepidemien ebbar ut, vil investorane vende seg mot mindre valutaer igjen.
Koronaeffekt
Sterkare krone, kombinert med reduserte fiskekvotar og prisfall i utanlandsk valuta betyr at eksportverdien av norsk torskefisk kjem under press i år.Hafsås trur koronaeffekten i marknaden vil forsterke seg framover:
"Med koronasituasjonen hengande over oss, der me samtidig må forvente at den forverrar seg ytterlegare, vil det gi utfordringar både for fisket, produksjon, distribusjon/logistikk og sal. Hovudbilete ein truleg likevel må forvente, er redusert kjøpekraft og endra konsummønster ei god stund framover. Dette vil truleg hovudsakeleg slå ut på eksportprisane, og ikkje nødvendigvis i volum", skriv han i analysen.
Hovudbilete ein truleg likevel må forvente, er redusert kjøpekraft og endra konsummønster ei god stund framover
Publisert: 15.04.2020 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:56