NTB d8 Jb Ss1 G Wegaaaa
BUDSJETTINNSPURT: Partileiarane og finansministeren heldt pressekonferanse i forkant av den siste budsjettkonferansen, som er onsdag og torsdag. F.v.: finansminister Jan Tore Sanner (H), kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V), statsminister Erna Solberg (H) og barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF). Foto: Lise Åserud / NTB / NPK
Nytt

Slutt på krisebudsjetta

No skrur regjeringa igjen krana.

25.08.2021

NPK-NTB-Marius Helge Larsen: Finansministeren lovar å seie mykje «nei» i forhandlingsinnspurten til neste års statsbudsjett. Norsk økonomi går bra igjen, og oljepengebruken skal ned.

– Ja, det blir mykje nei, seier finansminister Jan Tore Sanner (H) til NTB.

– Det er alltid mykje nei frå finansministeren, skyt statsminister Erna Solberg (H) inn.

Begge to konstaterte at norsk økonomi er på veg inn i ein høgkonjunktur, då dei onsdag gjekk inn til dei siste forhandlingane om neste års statsbudsjett. Tal SSB la fram førre veke, viser at økonomien allereie er tilbake på same nivå som før pandemien.

Dermed er tida inne for å få oljepengebruken ned under prosentgrensa i handlingsregelen, som seier at det maksimalt skal brukast tre prosent av avkastinga til oljefondet.

– Handlingsregelen tilseier at ein kan bruke meir i kriser, og så må ein bruke mindre i gode tider. Viss ein ser på dei åtte åra vi har regjert, så har vi samla sett lege under rettesnora på tre prosent. Til neste år er målet mitt at vi skal under tre prosent, seier Sanner.

Han meiner det er viktig å liggje under grensa.

– Det handlar om å ta vare på pengane til framtidige generasjonar, men det handlar òg om norsk økonomi, som no går inn i ein høgkonjunktur, og då er det viktig at vi held tilbake på oljepengebruken.

Høgmotivert
Budsjettet regjeringa no skal forhandle fram, kan bli overteke av ei eventuell ny regjering etter valet, som dermed får moglegheit til å gjere justeringar. Statsministeren avviser at dette legg ein dempar på motivasjonen når regjeringa no skal forhandle i to dagar.

– Eg trur vi er høgmotiverte, både på at vi skal styre vidare og at vi skal styre på eit godt budsjett. Vi lagar eit budsjett, og eg meiner at alle regjeringar og alle statsministrar og statsrådar må ha eit mantra om at vi skal styre evig og vite at ein må kunne gå av dagen etterpå, seier Solberg til NTB.

Same kven som overtek, blir det truleg ikkje like mykje rom for oljepengebruk framover som det har vore under koronakrisa.

Arbeidarpartiets finanspolitiske talsperson Hadia Tajik varslar desse omdreiingar viss dei overtek styringa – utan å gå nærare inn på kva dei vil gjere i budsjettet:

– Dei første hundre dagane i ei eventuell ny regjering vil vi foreslå å senke maksprisen i barnehagen med nesten 3.000 kroner, doble fagforeiningsfrådraget, auke pendlarfrådraget, innføre fem timars gratis kjernetid i skulefritidsordninga for førsteklassingar, gjeninnføre feriepengetillegget for permitterte og arbeidsledige og forbetre ordninga med brillestøtte for barn – for å nemne noko, seier ho til NTB.

Klima og barn
Venstre-leiar Guri Melby trekte særleg fram klima og skule som viktige saker for partiet hennar før ho gjekk inn til dei siste forhandlingane med resten av regjeringa om budsjettet.

– Dei siste vekene har jo vore prega av klimarapporten frå FN. Det kjem nok òg denne budsjettkonferansen til å bli prega av, sa ho.

KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad trekte i tillegg tema som barn, familie, oppvekst og bistand.

– No har vi to spennande dagar med budsjettkonferanse framfor oss. Eg kan røpe at vi kjem til å vere usamde, eg trur eg kan seie at vi kjem til å bli frustrerte, og vi kjem til å bli samde, sa han.

Publisert: 25.08.2021 13:52

Sist oppdatert: 25.08.2021 13:57