Sloeser millionar paa uklok segling
BILLEG: Fiskarane kan spare millionar i drivstoffutgifter på å segle like smart som sine dyktigaste kollegaer, viser statistikk som John Ingar Jenssen i Cowi har samla inn.
Nytt

Sløser millionar på uklok segling

Dei dyktigaste ringnotreiarane brukar 30 prosent mindre drivstoff enn gjennomsnittet.

15.01.2014
Fiskarane kan spare millionar på å lære av dei flinkaste i klassen. Det viser statistikk som ingeniørkonsulent-selskapet Cowi har samla inn.
Cowi har studert drivstofforbruket i alle fartygrupper over fleire år, og statistikken viser det same over heile fjøla - dei beste brukar langt mindre drivstoff pr. kilo fisk enn gjennomsnittet.

2,5 millionar bortkasta

Ein gjennomsnittleg ringnotbåt brukar drivstoff for rundt 2,5 millionar kroner meir i året enn dei mest effektive kollegane, utan at det blir meir fisk ut av det.
Hos ein typisk trålar er skilnaden i kroner om lag den same mellom dei mest energieffektive og gjennomsnittet, i følgje John Ivar Jenssen i Cowi.
Jenssen deltek på fiskeriteknologikonferansen FishTech i Ålesund i dag, onsdag 15. januar.

Små investeringar

Farta til, frå og mellom fiskefelta er den klart viktigaste årsaka til det store spriket i energiforbruk fiskebåtane mellom. Jenssen meiner rundt ein tredjepart av skilnadane i energiforbruket båtane i mellom skuldast feil fart.
Det kostar å ha det travelt, men trøysta er at det ikkje trengst å investerast ei einanste krone for å kutte dette unødvendige drivstofforbruket.

Vanskleg å snu

Jenssen seier energisparing i fiskeflåten handlar mykje om haldningar og gjennomføringsevne. Han trur eigarane av fiskebåtane gjerne vil, men får det ikkje til.
- Dei veit kva dei kan gjere, men det kan vere vanskeleg å gjennomføre, seier han.
Problemet kan mellom anna vere mangel på kapasitet i organisasjonen, og at det kan vere tungt å få alle ombord på båtane til å trekkje i same retning.
Dei veit kva dei kan gjere, men det kan vere vanskeleg å gjennomføre

Publisert: 15.01.2014 18:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:30