(NPK-NTB-Anne Marjatta Gøystdal): Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) hadde funne fram til ei lun og folkeleg skildring då han presenterte den nye regjeringa.
Ikledd høvesvis raudt og grønt slips, leidde Støre og Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum dei nye statsrådane ut på Slottsplassen.
Medan den nyutnemnde finansministeren Vedum smilte så breitt som berre han kan og vinka entusiastisk med heile armen til venner og kjende i folkemengda, kneisa Støre stolt med nakken, med famnen full av raude roser og såg både høgtidsstemt og rørt ut.
– Eg har hatt med meg dette laget til kongen og gjennomført det aller første statsrådet. Dette er regjeringa som har tiltredd, erklærte Støre.
Det er eit ungt regjeringslag som no tiltrer, med ein gjennomsnittsalder på 46 år. Ti kvinner og ni menn. Arbeidarpartiet får elleve postar, medan Senterpartiet får åtte.
Ei melding frå Støre til vanlege folk
Støres bodskap på Slottsplassen var tydeleg: Alle skal med.
– Vanlege folk i heile landet skal oppleve at deira liv, draumane deira no skal komme øvst på dagsordenen, sa Støre, som heldt fram med å understreke viktigheita av tillit i det norske samfunnet.
Klima, digitalisering, forskjell og utfordringar i velferdsstaten vart trekt fram som nokre av dei største oppgåvene regjeringa må gå laus på.
Støre lova at Hurdalserklæringa har ambisiøse politiske løysingar som regjeringa skal jobbe med frå dag éin. Første prioritet er trygt arbeid til alle og gode velferdstenester nær folk i heile landet.
– Men knapt noko land er betre rusta med dei folka vi har, dei ressursane vi har, dei moglegheitene vi har og det samhaldet vi har, sa han.
Stjerneskotet Mehl
Regjeringas yngste, 28 år gamle justisminister Emilie Enger Mehl (Sp), var utvilsamt den av statsrådane som fekk mest merksemd. Støre meiner ho er klar for oppgåva.
– Ho går på ein stor jobb i ung alder, men vi er trygge på at vi har fått ein visjonær og handlekraftig politikar som tek fatt på dette feltet, sa Støre.
Den alvorlege hendinga på Kongsberg, som ifølgje PST står fram som ei terrorhandling, kasta mørke skuggar over dagen. Fem personar vart drepne og to skadde i angrepet.
Støre beskreiv handlinga som uhyrleg og grufull, og understreka at den nye justisministeren blir halden løpande orientert, og at det no er hennar ansvar å følgje opp.
Stødige Vedum
Regjeringskabalen har Støre jobba med heilt til det siste, om ein skal tolke svar han sjølv har gitt på spørsmål om namna var på plass. Men utnemninga av Vedum til finansminister har vore klar i mange dagar, understreka Støre då han tidlegare torsdag presenterte statsrådslista – kanskje som eit stikk til medium som har spekulert på ulike namn i denne statsrådsposten.
Senterpartiet får altså ansvar for pengesekken, noko som Støre beskreiv som ei rett fordeling mellom partia. Han var òg full av rosande ord om Vedum, som han òg har vore i tøffe forhandlingar med om regjeringsplassforma.
– Han er ein stødig politikar, ein person eg har komme nær i desse forhandlingane, sa Støre.

Sjølvskriven Huitfeldt
Støre seier han aldri var i tvil om at det var Anniken Huitfeldt (Ap) som skulle bli utanriksminister. Som leiar for utanriks- og tryggingskomiteen på Stortinget, pluss lang erfaring i partiet og òg som tidlegare statsråd, var ho eit sikkert kort.
Espen Barth Eide (Ap) er òg ein av Aps mest erfarne, og Støre peikar på at tilknytinga hans til internasjonale nettverk blir viktig i rolla som klima- og miljøvernminister – ikkje minst i samarbeid med Europa.
Kombinerer arbeid og integrering
Støre gjer forholdsvis få endringar i departementsstrukturen. Statsrådsposten som distrikts- og digitaliseringsminister ryk, og han flyttar integreringsfeltet frå Kunnskapsdepartementet til Arbeids- og sosialdepartementet. Her får Hadia Tajik (Ap) ein av dei viktigaste oppgåvene til regjeringa, påpeika Støre.
– Vi legg til integrering og inkludering i departementet fordi det er så nært kopla til arbeid og det å få fleire menneske inn i jobb, sa Støre.
Fiskeriminister Bjørnar Skjæran (Ap) får òg utvida tittelen, slik at han no skal lyde fiskeri- og havminister. Han får dermed ikkje berre ansvar for fiskeri- og sjømatpolitikk, men også havbruk og den underliggjande maritime forskings- og innovasjonspolitikken.
Vanlege folk i heile landet skal oppleve at deira liv, draumane deira no skal komme øvst på dagsordenen
Utøya-generasjonen
Den nye regjeringa får to statsrådar som var på Utøya 22. juli 2011: Tonje Brenna (Ap) som kunnskapsminister og Jan Christian Vestre (Ap) som næringsminister. I tillegg er det fleire frå Utøya-generasjonen blant dei nye statssekretærane.
Støre understreka kor stolt han er av at dei har halde fram med politikk, og kor viktig det er at denne generasjonen no tek plass i regjeringa.
– Ti år seinare kan vi seie: Demokratiet vann, avslutta Støre frå Slottsplassen, før han gjekk mot dei svarte regjeringsbilane som skulle ta han vidare til Statsministerens kontor.
Publisert: 14.10.2021 15:16
Sist oppdatert: 14.10.2021 15:26